Arnhild Sunnanå brukar lupa flittig når ho granskar skissebøkene til kunstnaren frå Rennesøy.|| Arnhild Sunnanå studerer eit av arbeida til Svein Magnus Håvarstein som er utstilt i kommunehuset i Vikevåg. Fredag åpnar utstilling med hans verk her.

Av Rune Nedrebø,

RENNESØY:

Den siste månaden har Sunnanå ordna seg til med arbeidsplass i kommunehuset på Rennesøy på søster Dagny Sunnanå Hausken sitt tidlegare ordførarkontor. Utstyrt med lupe og fotoapparat er ho i gang med eit nybrottsarbeid.,

-Målet er gi ein så fullstendig oversikt som mulig av den omfattande produksjonen hans. Det er ikkje gjort før, seier Arnhild Sunnanå til Øyposten.

Arnhild Sunnanå studerer eit av arbeida til Svein Magnus Håvarstein som er utstilt i kommunehuset i Vikevåg. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Alt ho kjem over av det kunstnaren har etterlete seg blir granska med lupe, registrert og fotografert og lagt inn Stavanger kommune sin nye kunst-database. Kunsten til Svein Magnus Håvarstein er det første som blir lagt inn i den nye basen og vil bli gjort tilgjengeleg for publikum.

Mosterøy-kvinna bur nå på Stokka, og har ei fortid i yrkeslivet innan økonomi før ho ga seg i kast med kunsten og utdanna seg til kunsthistorikar.

-Far ville eigentleg at eg skulle overta Mosterøy Bilruter, seier ho.

Vil løfta fram

Slik gjekk det ikkje, og nå er ho ein av ikkje alt for mange kunsthistorikarar i Rogaland. At det er såpass få i dette fylket, meiner ho skuldast at universitetet i Stavanger ofra utdanninga i kunsthistorie til fordel for meir "matnyttige fag". Noko ho synes er sterkt å beklaga.

Sjølv fekk Arnhild Sunnanå sitt første møte med Svein Magnus Håvarstein på Rennesøy ungdomsskule. Håvarstein kom til sløyd-timane for å visa elevane kunsten med å laga bilete i linosnitt, som er ein enkel grafisk trykketeknikk.

-Då såg eg kor vanskeleg det var å få gjengitt det rette uttrykket i eit avtrykk, seier ho.

Nå håpar ho at arbeidet med å dokumentera arbeida hans kan gi grunnlag for at Rennesøy sin mest berømte kunstnar blir løfta meir fram i lyset. I første omgang skal det lagast til ein Håvarstein montasjevegg i det tidlegare kommunehuset, men Sunnanå håpar at det seinare kan bli ei utstilling som kan nå eit større publikum, til dømes i Stavanger kunstmuseum.

Ta kontakt

Stavanger kommune støttar arbeidet hennar med 50.000 kroner, men Arnhild Sunnanå legg ikkje skjul på at det må mange fleire timar til enn det beløpet rekk til for å få jobben gjort.

Difor blir det ein god del gratisarbeid.

-Eg er sterkt oppteken av kunsten til Håvarstein. Han var herifrå, og mange av landskapsmotiva henta han frå øyane her, seier Arnhild Sunnanå.

Målet er å bli ferdig med jobben i løpet av året, og ho har leita fram arbeida hans både i offentlege arkiv og hos private . Ein god del er nå registrert, men det er mykje igjen, trur ho.

-Viss nokon har arbeid av Svein Magnus Håvarstein heime hos seg, set eg stor pris på å få høyra om det. Då kan me få oversikten over det han har laga så komplett som mulig, seier Arnhild Sunnanå.