FINNØY/RENNESØY:

Det er tunet til Terje Hidle på Nord-Hidler som er eit av dei tre nominerte. Dessutan er tunet til Kjartan Åsheim og Solveig Querneland på Bru med i konkurransen. Dette tunet ligg på sørsida av Bru med utsikt innover mot Stavanger. Garden blei skilt ut som eige bruk rundt 1845, og har vore i familien sidan den gong. I 2018 overtok Kjartan Åsheim og Solveig Querneland garden etter Ingvar og Margaret Bru, som då hadde drive garden sidan 1956.,

Ingvar og Margaret Bru har i ein mannsalder lagt stor vekt på å ta vare på dei gamle bygningane og bevare tunet og hagen slik det har vore. Ny driftsbygning har dei lagt utanfor tunet slik at skalaen er behalden og dei ikke treng å ta tunge kjøretøy inn i tunet. Dei set i stand den gamle løa, som nå er eit slags gardsmuseum, men dei nye eigarane vurderer også ei mulig bruksendring til selskapsdrift.

Margaret har lagt eit stort arbeid ned i hagen og held den framleis med kyndig hånd.

Garden til Terje Hidle, Norda Hidle er den nordre garden på Nord-Hidle, som er ei av Sjernarøyane; den einaste utan bru til dei seks andre. Tunet ligg høgt og fritt med utsyn mot Jelsa og Nedstrand.

Familien til Terjer Hidle har drive denne garden i alle fall sidan tidleg på 1600-talet, men sjølv ho har funne si eiga vri på drifta: i tillegg til sau driv ho med juletreproduksjon, matservering og kulturhistorisk guiding.  Både eldhuset og den gamle bakaromnen i kjellaren til våningshuset frå 1914 har fått nytt liv når små og store grupper kjem til gards for servering.

Fine helletak

Det er mange hus på garden, både i og utanfor tunet, og Terjer har nok å henga fingrane i. Særleg verdt å nemna er at ho har teke vare på fleire fine helletak, både på vedskuten i tunet, på naustet og på sommarskuten ute i enga, som sonen hennar Jon driv og vølar no. «Tenk, då eg ville leggja om hellene på nausttaket for om lag femten år sidan, meinte folk eg var galen – men  det viste det seg at det blei ikkje dyrare å nytta dei gamle hellene enn det ville vore å leggja eit nytt platetak!», fortel Terjer.

Det tredje tunet som er nimonert er Engels Minde i Stavanger. Engels Minde er ein lystgård frå begynnelsen av 1850-tallet. I dag ligg det vesle gardsbruket nesten midt i byen, eit steinkast frå den katolske kyrkja. Men då det ble anlagt, låg det heilt for seg sjølv utanfor bygrensa.

At dette er ein lystgård betyr at bolighuset opprinneleg fungerte som landsted for eigaren mens sjølve gardsdriften blei ivaretatt av ein gardsbestyrar/paktar. Byggherren var kjøpmannen og skipseigaren Hans Engel Hansen.

Anlegget består av eit vakkert, lite bolighus i empirestil og eit uthus som skal ha hatt ulike funksjonar opp gjennom åra, både fjøs og vognskjul. Det har også vore ei større løe på eigedommen, men den er riven for lang tid sidan.

Dei to bygningene som står igjen blei fredet etter kulturminnelova i 1980. Nåværende eier, Arne Thomas Hovland, har eigd anlegget siden 1998.

Slik stemmer du

Det er laga ei eiga facebookside om prisen, kor folk kan stemma på sin kandidat fram til 1. desember. 10. desember vil det bli offentleggjort kven som frå Stavanger sin vernepris.

Har du ein favoritt blant dei tre nominerte? Du kan stemma gjennom å skriva ein kommentar under innlegget kommunen har lagt ut på Facebook eller Instagram, eller senda ein e-post til byantikvar Hanne Windsholt. Du kan stemma fram til 1. desember.

Det gardstunet flest heiar på, får «folkestemma» når juryen skal avgjera kven som får verneprisen 2020.

Prisen blir delt ut før møtet i utval for by- og samfunnsplanlegging torsdag 10. desember. Verneprisen består av eit diplom, ein plakett til å festa på huset og kr 50 000 kroner.

I vernepriskomiteen sit representanter for Stavanger kommune, Fortidsminneforeningen, Stavanger lokallag og Stavanger arkitektforening.

Fornem pris

Verneprisen blir delt ut av Stavanger kommune og Fortidsminneforeningen sitt lokallag i Stavanger, og har vore delt ut kvart år sidan 1999.

Desse har fått Stavanger kommune sin vernepris:

2019: Carl Egil Buch for Wessels gate 50

2018: Base Property for Hermetikklaboratoriet

2017: Bjarne og Ola Helland, Kongsgata 34

2016: AS Fjelde, Nygata 1,2015: Hege Benedicte Blom, Normanns gate 27,2014: Finn Gjedebo. "Absinthen", Nedre Banegate 41,2013: Borettslaget Tjensvold 2, Hans E. Kincks gate 2, 4 og 6,2012: Hilde Garlid og Tom Bjørn-Nielsen, St. Svithuns gate 33,2011: Petra Skarstein Valheim, Skogsbakken 28 på Jåttå,2010: Hulda Drange, Øvre Strandgate 60,2009: Else og Dag Lambrigtsen, Muségata 55,2008: Stavanger Tinfabrik AS, kontorbygningen i Ryfylkegata,2007: Else Buch, Nedre Tordenskjolds gate 1,2006: Marthe Isdahl og Ian John Walker, Bøkkersmauet 9,2005: Kitt Sandvik og Simon Rudkin, Admiral Cruys gate  15,2004: Sissel Anita Hanssen og Henrik Kobro, Jelsagata 49,2003: Kari og Kjell Helle Olsen, Prinsens gate 29,2002: Petter Hegre, Dronningens gate 36 (nå St. Svithuns gate 38),2001: Kari Smådal og Sigurd Turøy, Storhaug allé 25,2000: Teknisk Bureau Eiendom AS, Køhlerhuset, Frida Hansens v. 5,1999: Kari Næss, Haugvaldstadminde, Haugvaldstadminde 8