Tunet på Bru som vann "folkestemma" Foto: Ingrid Njå Sekse.

Av heile 580 innkomne stemmer på facebook, samt nokre få på instagram og mail, gjekk dei aller fleste til Ingvarbakken på Bru. Tunet blei ein klar publikumsfavoritt.

Sjølv om Ingvarbakken er folket sin favoritt er det ein fagjury på fire personar som skal avgjera kven som får verneprisen 2020. «Folkestemma» utgjer ein 1/5- stemme inn i denne fagjuryen, så her ingenting sikkert ennå.

Verneprisen 2020 blir delt ut 10.desember før møtet i Utval for by -og samfunnsplanlegging.

I tillegg til vinnaren er det to andre gardstun som er nominert til verneprisen, Terjer Hidle sitt tun på Nord- Hidle, samt Engels Minde i Kannik. Tilfeldigvis eit tun ifrå kvar kommunedel.