FINNØY:

Halvannan månad etter at Innbyggartorget åpna med brask og bram med ordføraren i spissen og prominente gjester, er nå alt ferdig slik at dørene kan åpnast for alvor.,

-Håpet er at dette skal bli ein møteplass og ein mingleplass for folk flest, organisasjonar og næringsliv i kommunedelen. Her kan dei treffast over ein kopp kaffi eller ein matbit til lunsj eller meir formelle møter, seier Rita Lindås og Hanne Kringstad.

Langåpen kafe

Lindås er koordinator og Kringstad er prosjektleiar for Innbyggartorget.

Åpninga blir i to omgangar, den eine midt på dagen og den andre om ettermiddagen, og i den anledning blir det spandert kaffi og kortreist marsipankake.

Ryfylkekokken åpnar også kafeen i Innbyggartorget samtidig, og vil ha åpent kvar dag tysdag til og med laurdag pluss langåpent torsdag og fredag.

-Me vil ha mat og drikke basert på lokale råvarer på menyen, og mulighet for takeaway. Kjem du for seint til ferja eller har tid å slå i hel på Judaberg, er det bare å stikka innom, seier Cathrine Selvaag i Ryfylkekokken.

Innbyggartorget ligg i første etasje i det tidlegare rådhuset på Judaberg. Det er ei nyskaping i Stavanger kommune og ei frukt av kommunesamanslåinga. Meininga er at også Vikevåg skal få nytt Innbyggartorg med tida som erstattar det som i dag ligg i det gamle kommunehuset.

Kan få hjelp

Leiaren i kommunedelsutvalet, Birger Hetland har alt varsla at han ofte vil bli å treffa i Innbyggartorget.  Han eller andre frå kommunedelsutvalet blir her om tysdagen, opplyser Lindås.

Både i Innbyggartorget og i andre etasje i rådhuset, i Innbyggarservice,  er det rigga til med storskjerm og møterom kor det går an å skypa med ein saksbehandlar i Stavanger.  Her kan publikum få hjelp til å finna fram til den rette saksbehandlar og avtala møte med vedkomande på skjerm.

-Tanken er at folk skal sleppa å reisa til byen viss det er ei sak dei vil ta opp, og dermed minka avstanden mellom kommunen og innbyggjarane, seier Rita Lindås.