RYGERPRINS:

Forvirringa er stor mellom pendlarar ombord i morgonruta frå øyane til Judaberg om kven som skal få glede av Hjem-Jobb-Hjem" ordninga. Tysdag blei det kjent at styringsgruppa for Bymiiljøpakken hadde vedteke at den gunstige reiseordninga skal utvidast til også å gjelda pendlarar frå Finnøy, men i utgangspunktet bare for dei som er tilsdette i ei bedrift med kontoradresse på Nord-Jæren, dvs i tidlegare Stavanger kommune, i Sandnes, Sola eller Randaberg.

,

Dermed kan det sjå ut til at pendlarar til bedrifter i Finnøy og Rennesøy ikkje skal få nytta seg av ordninga, som gir rett til å reisa så mykje du vil internt i kommunen for 515 kroner i månaden.

Det synes både Tone Samuelsen og Bente Norheim er "blodig urettferdig". Begge pendlar frå Sjernarøyane til jobb på sjukeheimen på Finnøy, og er dermed tilsett i Stavanger kommune.

Tone Samuelsen har rekna ut at pendlinga frå Helgøy til Judaberg tur-retur kostar henne 85,50 kroner kvar dag. Med 230 arbeidsdagar blir det ei årleg utgift på 19.665 kroner. Reknestykket ville blitt heilt annanleis viss ho hadde fått del i Hjem-Jobb-Hjem-ordninga.

-Hjem-Jobb-Hjem kostar 515 kroner i månaden, og viss eg reknar ein månad ferie betyr det at eg kan benytta ordninga 11 månader. Det vil bli 5665 kroner i året. Det betyr at eg må ut med 14.000 kroner meir i året enn viss eg hadde pendla heilt til byen eller frå Judaberg til byen. Det finst det ingen rim i, det er omtrent like langt frå Helgøy til Judaberg som frå Judaberg til Stavanger, påpeikar, seier Samuelsen.

Eline Wolden Bersagel frå Ombo pendlar til legekontoret på Judaberg, og har i likhet med Samuelsen og Norheim Stavanger kommune som arbeidsgjevar.

-Eg reknar med at også eg har rett på Hjem-Jobb-Hjem ordninga, eg reknar med at politikarane fylgjer opp det dei har lova. Me skal behandlast likt som bur i same kommunen, det er god distriktspolitikk, meiner Wolden Bersagel.

Ho reiser saman med Torhild Ågesen Eide og Inger Løland, begge pendlarar frå Eidsund, som jobbar henholdsvis på Coop Extra på Judaberg og Finnøy Økonomi på Sjernarøy.

-Eg har ikkje rekna med at ordninga skulle gjelda oss, eg trudde det gjaldt for dei med jobb i kommunen. Men det vil vera mykje å spara viss også me får dette, seier dei.

Nils-Ove Bjustveit frå Ombo er også med i reiselaget denne morgonen. Han er medeigar i Finnøy Rør med sju tilsette, kor alle pendlar på jobb til arbeidsplassen på Finnøy.

-Eg veit ikkje om det er aktuelt for Finnøy Rør å bli med i ordninga, me må vita meir om kva det år ut på, seier han.