Her blir det vaksinering kvar fredag frå 11. februar (Foto: Rune Nedrebø)

Forslaget kjem i samband med lokallaget sitt forslag til neste års Stavanger-budsjett, og er eit av fleire frå Stavanger Venstre som omhandlar dei to kommunedelane.,

Partiet varslar også at forslaget er såpass seriøst meint at det kjem til å bli foreslått formellt og dermed bli gjenstand for debatt i kommunale fora. Det kan sjå ut som at det er Vikevåg som Venstre i første rekkje er oppteken av, men også Judaberg blir nemnt som aktuell ny arbeidsplass for utflytta kommunebyråkratar.

I forhold til Vikevåg peikar Venstre på jobbar knytta til kultur eller miljø som kan flyttast ut hit.  Dette er spennande tankar.  Rennesøy har i utgangspunktet eit spennande kulturmiljø med Utstein Kloster, Kulturhuset i Vikevåg, Kulturbruket på Bru og Sjøberg, og vegen er heller ikkje lang til Finnøy og Ottohuset , Landaloftet og Bethel.

For kulturbyråkratar kan det vera ein berikelse å koma ut til øyane, tett på bedehus- og kystkulturen. Ikkje mindre aktuelt bør det vera å flytta noko av natur- og miljøetaten ut til øyane. Nye Stavanger har nyleg fått eit unikt, mangfoldig og langstrekt landskap å ta vare på. Bare i Sjernarøyane seiest det at det er 365 øyar, holmar, fluer og skjer, med andre ord ei eller eit for kvar dag.

Skjøtsel av dette landskapet er ufordrande, men viss Stavanger tenkjer turisme og morgongdagens arbeidsplassar er det avgjerande at landskapet forblir åpent og levande som i dag. Då er det ein god ide som Venstre er inne på, å leggja tyngdepunktet i natur- og landskapsforvaltninga til «dei grøne»  øyane.

Det er også ei anna side av dette som er viktig. Utflytting av arbeidsplassar vil på sikt bety arbeidsplassar i Stavanger sine utkantstrøk, i ei tid kor mange piler peikar i retning av meir sentralisering. Etter vår vurdering er også det einaste som kan berga Vikevåg frå å sovna stille inn, at kommunen investerer og skapar jobbar der.

Me heiar difor på Venstre denne gongen. Dette handlar om maktspreiing, og det har Stavanger Venste oppdaga i ein stavangersk målestokk. Jan Erik Søndeland kan ved første augekast verka prototypen på det urbane Venstre, men her tek han opp arven etter høyremannen Victor Norman, som er den einaste statsråden som har fått til utflytting av betydning frå hovudstaden til distrikta.