RENNESØY:

Det er koordinator på Innbyggertorget, Tina Nådland, som opplyser dette til Øyposten.,

-Me har eit ønske om at huset skal bli brukt meir. Nå har me renovert kjøkkenet slik at det kan brukast i forbindelse med møter og aktivitetar på huset, og lag og organisasjonar kan få låna det gratis, opplyser Nådland.

Me skal også starte opp med en open fredags kafe for innbyggare, siste fredag i måneden – dette er et samarbeid med Rennesøy Frivilligsentral.

I tillegg skal det innreiast eit rom for gaming (e-sport) innanfor Innbyggartorget.

-Det vil få topp utstyr, og kor me tenkjer oss at ungdom kan få spela på lag mot andre ungdommar i kommunen. Ofte sit ungdommane åleine og spelar, men her kan dei både få driva på med noko som er kjekt og ha sosial kontakt, legg Nådland til. I tillegg lager vi hobby og brettspill rom for ungdom. Dette er et samarbeid med Ungdom- og Fritid og Rennesøy Frivilligsentral. På nyåret vil det bli fritidsklubb her en kveld i uken.

Park og Idrett har nylig laga en mini park utforbi, med beplanta pallekarmar og pallar etter modell frå Nytorget. Til våren skal fritidsklubben med ungdommar mala pallane i friske fargar.

Nådland oppfordrar lag- og foreningar og næringsliv som ynskjer å bruka fasilitetar på huset til å ta kontakt.