Geitene er i ferd med å klargjera badesesongen ved Fåholmen. Foto: THomas Nesheim

Som mange nok allereie har oppdaga var området ovanfor badestranda i ferd med å gro igjen, til stor frustrasjon for dei som brukar plassen. Men på laurdag kom redninga. Fire geiter skal opna opp landskapet, og gjera det klart til sommarsesongen slik at området kan gjenerobras. Klavar utstyrte med digitale gjerder, gjer at geitene held seg på arbeidsplassen til jobben er gjort.,

- Dette er eit prøveprosjekt som det blir spennande å prøva ut i kommunal regi. Alternativet er å rydda området mekanisk, men på bakrgrunn av gode erfaringar andre stader i denne delen av kommunen, prøver me no denne metoden, seier driftsansvarleg i Stavanger Natur og Idrett, Eirik Christophersen.

At landskapet gror igjen er ikkje eit nytt problem. Geitene bidreg til å halde landskapet ope, og er eit godt alternativ til motorsaga.

- Geitene er så godt som altetande, og såleis svært nyttige i denne samanhengen. Det er ingen tvil om at beiting med geiter gir større variasjon i landskapet, samanlikna med mekanisk rydding, og  mangfaldet av dyr og insekt blir større. Etterlatenskapen gir god næring til jorda. Dette er ein vinn-vinn situasjon.

- Kor lenga skal geitene rydda?

- Eg veit ikkje kor lang tid dette vil ta, men me brukar tidas det trengs. Eg vil berre oppmod alle om å respektera bandtvangen, slik at ikkje geitene vert skremde, seier Eirik Christophersen.

Kommunen har leigd geitene ifrå Lars Martin Lauvsnes Hetland.