Svein Magnus Håvarstein sine arbeid har i fleire år vore stuva bort i kjellaren i kommunehuset i Vikevåg.

RENNESØY:

Det er mykje mulig at kommunen må gå i dialog med dei etterlatte med tanke på å levera tilbake ein del av samlinga av Håvarstein-kunst som kommunen ikkje kan klara å formidla innanfor sine ramer.,

Det går fram av saksutgreiinga om Håvarstein-kunsten som var oppe i kommunedelsutvalget i Rennesøy tysdag.

Der er det eit forslag i tre punkter til korleis Håvarstein-kunsten skal forvaltast.

Det skal "vurderast" å setja opp ein montasjevegg på Innbyggertorget i løpet av hausten kor Håvarstein sine verk kan stillast ut. Eventuelt kan det også bli visning digitalt av skulptursamlinga hans der.

Kommunen har mottatt ein søknad frå kunsthistorikar Arnhild Sunnanå om eit forprosjekt og arbeid med Håvarstein sin kunst, oversikt/registrering av offentlege og private samlingar samt vidare forsking og formidling. Søknaden er på 50.000 kroner. Kultursjefen vil gå i dialog med Sunnanå for å "se om også kommunale interesser kan bli løst i dette prosjektet".

Dessutan er det "mye mulig" at kommunedirektøren også vil måtta gå i dialog med familien om tilbakelevering av deler av samlinga som kommunen ikkje kan klara å formidla.

Frå kommunen si side blir det også slått fast at det ikkje er eit mål å flytta Håvarstein sin kunst ut frå kommunedelen, slik det tidlegare blei oppfatta at låg i planane.

Kommunen meiner også at den delen av Håvarstein sin kunst som er lagra i det gamle kommunehuset i Vikevåg, er forsvarleg lagra.

Då saka var oppe i kommunedelsutvalet blei det litt debatt om saka burde sendast tilbake med ønske om meir opplysningar, men det enda med at dette ønsket skal fylgja saka vidare og at  innstillinga elles blei teken til orientering.

Frps Jørn Kyle Finnesand syntes innstillinga frå kommunen i saka var god, og at det nok var ei motsetning mot familiens forventningar i denne saka og kva som er mulig å få til.

-Det er mange andre framstormande kunstnarar i Rennesøy som ikkje er gjenstand for same forkjærlighet frå kommunen si side, meinte Finnesand