ÅRDAL: Bård Erik Holmslet Astad, Henriette Urtegård Austbø og Mathias Gard imponerte i Ryfylkealliansen sin Ryfylkequiz. 29 av 36 moglege poeng skulle vanlegvis ha halde til ein topp-plassering. Men, nivået blant dei åtte laga var skyhøgt, der Sauda til slutt vann med 34 poeng. Tau og Jørpeland hamna på plassane bak, med Hjelmeland og Finnøy hakket etter.

Finnøyelevane låg heilt i teten etter dei første rundane, fekk eit par stang-ut midt i, men hadde kontroll på geografien mot slutten. Størst latter under den direkte TV-sendinga stod nok Bård Erik for. Blant oppgåveark, penn og kommunevåpen roa han ned med kaffi og mokkabønner. I følgje han sjølv hadde han drukke kaffi sidan han var 11 år og ete mokkabønner heile livet.

Det er Ryfylkealliansen som arrangerer Ryfylkequiz kvart år. Til vanleg er det finalar om våren for 8. klassingar. Men, grunna koronasituasjonen blei finalen utsett i vår til i haust. Og 14åringane var i mellomtida blitt 9. klassingar, og om mogleg endå litt skarpare. Heile TV-sendinga kan du sjå i opptak på