Bjørn Arvid Joakimsen er dagleg leiar i Finnøy Buss AS.

FINNØY:

-Busskjøringa av skuleelevar på Finnøy og Talgje går som normalt, situasjonen for Finnøy Buss får ikkje noko å seia for dei. Deira arbeidsdag blir som før, både nå og framover, opplyser Joakimsen til Øyposten.,

Finnøy Buss har fem tilsette på Finnøy, i tillegg til 16 tilsette på turkjøring i Stavanger-området. Ifølge Joakimsen vil desse nå mista jobben.

Aksel Tungland er ein av sjåførane på Finnøy.

-Eg kan bare svara for meg sjølv, min arbeidsdag blir akkurat som før. Eg blei torsdag overført til Rørheims Bilruter, seier Tungland, som kjører skulebuss på Finnøy på deltid.