Dagleg leiar Helge Nessa er dagleg leiar i Eltarvåg bufellesskap. Snart kan og mannskapet hans flytta inn. Foto: Oddbjørg Måland.

- Me skal ha møte med teknisk avdeling neste veke, og då håpar me å vera nærmare ei avklaring. Det er ikkje snakk om store ting, men berre mindre tekniske justeringar. Målet nå er å overta nøklane og flytta staben på ni årsverk ifrå det gamle kommunehuset over til nybygget på Eltarvåg innan 1.februar. Deretter er me klare til å ta imot den fyrste bebuaren like etterpå, seier Nessa.,

Bebuarane som kjem er tunge brukarar som har store utfordringar med rus og psykiatri. Bufellesskapet består av fire små einebustader som er tilrettelagt med alle fasilitetar, pluss ein aktivitet- og personell base. Tanken er at brukarane skal få opptrening til å gjera alle kvardagslege syslar slik at dei kan klara seg sjølve etter kvart. Anlegget skal vera døgnbemanna

Då Øyposten skreiv om bufellesskapet i byrjinga av september i fjor, venta Nessa den og på nøklane.