Barn som har foreldre i samfunnskritiske stillingar får framleis gå i barnehagen. Illustrasjonsfoto: Regjeringa, Sveinung Ystad.

- Ja, me har eit omsorgstilbod til ungar som har foreldre i såkalla samfunnskritiske stillingar, og som må jobba under koronakrisa. Dette er ikkje eit fullverdig barnehagetilbod, men ein godt tilbod til foreldre i yrkesgrupper som går inn under denne kategorien, seier virksomhetsleder for barnehagane i Finnøy, Nils Petter Flesjå.,

Tiltaket blei iverksett for å oppretthalda verksamheita i desse yrkene, og for å unngå at personar i risikogrupper, til dømes eldre besteforeldre, skal brukast som barnevakt.

- Kor mange ungar er det snakk om?

- Det varierer mellom to fem kvar veke, det kjem på arbeidssituasjonen til foreldra, seier Nils Petter Flesjå.