Sjernarøyane har kanskje større grunn enn dei felste til å heisa flagget 17. mai for folkestyre og demokrati.,

For øysamfunnet med 300-400 innbyggjarar må ha bortimot norgesrekord når det gjeld stortingsrepresentantar. Opp gjennom historia har øyane hatt ikkje mindre enn tre.

Den første var Johannes Martin Furre frå Bjergøy, den neste var Rasmus Hidle frå Nord-Hidle og den - hittil - siste, var Berge Furre, også frå Bjergøy. Han var barnebarnet til Johannes Martin Furre. Både Johanns Martin Furre og Rasmus Hidle representerte Venstre, som lenge var det dominerande partiet både i øyane og i store deler av Ryfylke. Berge Furre var innvald frå SV.

-Sjernarøyane var eit samfunn med god kontakt til omverda, kor nye idear fort fekk fotfeste. Det spela nok ei rolle, meiner Rasmus Hidle, som sjølv har vore Venstre-politikar i lokalpolitikken i både Sjernarøy og Finnøy.  Det var bestefar hans som sat på tinget.

Bergesen-familien

Johannes Martin Furre var gift med Olena Bergesen frå den ikkje ukjente Bergesen-familien i Stavanger. Han sat på Stortinget frå 1898 til 1900. Rasmus Hidle møtte først som varamann, men fekk fast plass frå 1916 til 1918.

Det er for øvrig typisk Venstre at dei to rikspolitikarane frå Sjernarøy til slutt havna i kvart si grein av det ærerike partiet.

Berge Furre budde på Sjernarøy til han var konfirmert, og flytta deretter til Oslo med mora etter at faren døydde. Forbindelsen til Bergesen-familien går igjen i fornavnet til Berge Furre. Han blei innvald på Stortinget i 1974, og blei sitjande i  ein periode til 1977 før han ga seg. Forbindelsen til Bergesen-familien går igjen i fornavnet til Berge Furre.

Ifølge Rasmus Hidle måtte farfaren hans gi seg på Stortinget på grunn av helseproblem.

-Det var mykje arbeid å sitja på Stortinget tykte han, og forbindelsen heim var også tungvindt, seier Rasmus.

Stolt historie

Han meiner Sjernarøyane har all grunn til å vera stolt av si historie på den rikspolitiske arena. Ikkje minst gjeld det Berge Furre.

-Me kunne ikkje hatt betre mann på tinget, sa ein sentral mann i Bondelaget til meg. Det er eg enig i, seier Rasmus.

17. mai fekk Rasmus Hidle flagget på plass før åtte om morgonen.

-Hjarta bankar vel ekstra for 17. mai for ein Venstre-mann?

-Det er tette bånd der, nikkar Rasmus Hidle.

På Nord-Hidle har tradisjonelle venstreverdiar som målsak og norskdom stått sterkt. Faktisk utmerkar hidlebuen seg når det gjeld å stasa seg opp i nasjonaldrakten ved festlege høve.

-Ein prest spurde meg om me var frilynde på Hidle, og det kunne eg bare bekrefta. Det er me, stadfestar Rasmus Hidle.