Så langt me har fått bekrefta er tre personar i Finnøy i smitta etter i ein busstur i sist veke. Det er grunn til å fleire har testa positivt.

Ifrå legekontoret har me fått informasjon om korleis publikum skal forhalda seg når dei kjem til legekontoret i desse koronatider.,

I skrivet står det at dei ynskjer at folk ringer fyrst dersom dei har symptom ifrå luftvegane eller omgangssjuke. Då vil pasientane få hjelp utanom vanleg oppmøte på legekontoret.

- At 2 metersregelen gjeld.

- Maks fem personar på venterommet samtidig. Det er sett ut ekstra stolar utanfor legekontoret.

- Ikkje møt fram før avtalt tidspunkt, vent heller i bilen.

- At du som pasient ikkje har med følgje på venterommet viss det ikkje er nødvendig.

- At tida inne hjå legen normalt ikkje skal overstiga 15 minutt.

-Ring fyrst dersom du skal ta blodprøvar og det av smittevernomsyn er ynskjeleg med kortast mogleg ventetid. Då kan dei ta pasienten inn på eige rom.

For at det skal vera færre folk på venterommet kan det henda dei gjer avtalar om videokonsultasjon eller telefonsamtale. Både vanleg konsultasjon ved oppmøte og video/telefonkonsultasjonar har eigendelar som pasienten sjølv må betala.

Skal du bestilla reseptar, time eller kommunisera med legen, kan du gjera dette trygt på nettet. finnoylegekontor.nefle.no.