Nå står skogen i Eltarvåg for fall

Ein arbeidsgjeng frå Finnøy gjekk torsdag i gang med å rydda skogen i Eltarvåg. Velforeninga er storvegs fornøyd med at dei snart kan få havutsikten tilbake.

Odd Bergøy (nærast) og Magne Eggebø frå Finnøy i gang med å fella skogen i Eltarvåg.|-Flott at arbeidet nå blir gjort, seier Bjarte Finnestad i velforeningen i Eltarvåg.||-Flott at arbeidet nå blir gjort, seier Bjarte Finnestad i velforeningen i Eltarvåg. FOTO: Privat
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Svære siktagranar, høgare enn hus deisar i bakken når arbeidslaget frå Lloyd Vaule er i gang med å rydda skogen mellom fylkesvegen og boligområdet i Eltavåg. Den tette granskogen er eit effektivt stengsel for utsikten frå boligområdet, kor Boknafjorden breier seg ut over frå Rennesøy.,

-Dette er noko me har jobba med ei god stund, for å få kommunen til å halda løftet sitt om å rydda området, seier Bjarte Finnestad i velforeninga i Eltarvåg til Øyposten.

Han er glad for at arbeidet nå er kome i gang, og ser fram til at området blir rydda.

Før skogen tok overhand var det bruer og turveg i området. Men det blei for stort for velforeninga å halda, og nå er det mest bare ugjennomtrengeleg og mørk granskog her.

Velforeninga har spelt inn forslag til kva området kan brukast til når det blir rydda, mellom anna gapahuk og frisbeegolf-bane. Det renn også ein ørretbekk gjennom området, som det er aktuelt å rusta opp.

Området er eit flott utgangspunkt for turløyper vidare oppover i høyden over boligområdet, meiner Finnestad, og ryddinga av skogen bør difor sjåast i samanheng med dette.

-Herifrå kan du gå til Ansetevarden, kor det er ein fantastisk utsikt over store delar ryfylkebassenget. Du kan også gå til Austbøstemmen, som er flott å gå rundt. Her har me spelt inn til arealplanen at det bør grusast opp turveg med lys, noko som er ei mangelvare for trimmarar på Rennesøy. Innanfor ligg Morkavatnet kor det er fint å grilla og kosa seg, anbefalar Bjarte Finnestad.

Publisert: