-Ein stor jobb for oss, seier Ald Magnar Rørheim i Rørheim Maskin.

FINNØY

: -Det er ein stor jobb som me håpa på å få, og som me nå har fått beskjed om at me fekk, seier Alf Magnar Rørheim i Rørheim Maskin til Øyposten.,

-Nå blir det feiring?

-Ja, kanskje det, seier entreprenøren nøkternt.

Det var fire firma som leverte inn tilbud, men Rørheim hadde det lågste. Dei andre tre var LHV Tjenester, Nordbø Maskin og Bjelland As.

Når det kan bli byggestart er ikkje klart. Kostnadane med byggeprosjektet har auka vesentleg, og er nå kome opp i 250 millionar kroner. Saka skal politisk behandlast i utvalet for miljø og utbygging neste veke.

Grunnarbeidet er ein omfattande jobb, som mellom anna inkluderer legging av ledningsnett frå nybygget. Det inneber mellom anna det som kan bli større gravearbeid på parkeringsplassen til Coop'en.

Jobben betyr også at firmaet truleg må tilsetja fleire folk. I tillegg til oppdraget med sjukeheimen har Rørheim Maskin har også firmaet fått eit større oppdrag på Jæren. Det skal Rørheim Maskin byggja "monstermaster" mellom Nærbø og Bryne, eit oppdrag som har ein verdi på fem millionar kroner.

-I tillegg har me oppdraget med grunnarbeidet til hyttefeltet til Kjell Nes på Jørstadvåg på Ombo, så me har bra med jobbar for tid, seier Alf Magnar Rørheim.