-Me har hatt ein betydeleg auke i omsetninga, seier butikksjef Richard Langbakk i XL Bygg i Steinnesvåg.

FINNØY:

På Rennesøy får du ikkje kjøpt ein spiker i dag, mens Finnøy har både trelasthandel og ein velassortert jernvare. For rennesøybuen ligg Finnøy bare ein tunnel unna, men dei må gjennom to for å nå til fastlandet.,

Finnøys einaste byggevarebutikk, XL Bygg i Steinnesvåg merkar den nye tida, og hadde ein betydeleg auke i omsetninga i fjor.

- Grunnen er nok gratis tunnel og ei ny kundegruppe, trur butikksjefen, Richard Langbakk.

Pluss 20 prosent

I fjor auka byggevarebutikken i Steinnesvåg omsettinga med rundt 20 prosent.

- Utan å ha studert tala kan eg ikkje uttala meg med sikkerheit, men det er betydeleg auke, ja, seier Langbakk.

Han trur dei gode tala skuldast fleire ting, ikkje minst at det har kome nye kundar frå Rennesøy etter at bompengane forsvann i Finnfast

- Heilt klart. Etter at Finnfast blei gratis i fjor sommar auka omsettinga mest frå den eine dagen til den andre, og det har jamt over vore fleire folk i butikken. Me ser heile tida nye ansikt, og mange av dei fortel at dei kjem frå Rennesøy for å handla.

Karmbu på kaien

Det er minst like lettvint for rennesøybuen å køyra til Finnøy som til Randaberg. Samstundes har det vore pandemi, og mange har nytta tida til å pussa opp heim og hytter. Tidlegare år har omsettinga vanlegvis vore litt laber i byrjinga og slutten av året, men i fjor var det fullt trykk heile året, så dette har vore eit godt år for oss. Me er utruleg glad for dei nye kundene våre, og ynskjer endå fleire velkommen, fastslår Langbakk.

I Byggmix’en på Judaberg er det mulig å kjøpa alt frå fiskekrokar til sement og skruar, seier Coop-sjefen på Finnøy, Sven Inge Goa. Foto: FOTO: Per Thime

Også Coop-sjefen på Finnøy, Sven Inge Goa merkar pågang frå Rennesøy. Det er spesielt Byggmix’en som er trekkplasteret kor det er mulig å få kjøpt det aller mestre. Fiskekrokar, spiker, maling, kvitevarer, gjødsel, arbeidsklær og mykje meir. I tillegg er Posten her. Det er med andre ord ei god «krambu» på Judaberg-kaien, og handelen i Byggmix’en smittar også over på daglegvarebutikken, trur han.

- Rennesøy og Finnøy har kome nærare kvarandre etter at bompengane forsvann, det merkar me absolutt, utan at eg her og nå kan setja tal på det. Men me ser mangte i butikken som me ikkje har sett før, seier Goa.