Alle elevane, bortsett frå êin blei koronasmitta på leirskule denne veka. Foto: Arkiv

FINNØY:

Den årlege leirskulen på Gullingen for elevane i 8. klasse ved Sentralskulen, blei ikkje som planlagt.,

Måndag morgon reiste elevane på skitur til Gullingen. Etter planen skulle dei komma heim igjen i dag, fredag, men det var berre ni som returnerte. Dei 11 andre har blitt sendt heim i løpet av veka.

- Det er fryktelig trist at dette skulle skje akkurat nå. Dette er den einaste gongen i løpet 10 års skulegang at elevane får ei veke på på leirskule, så skulle det skje akkurat nå. Heldigvis er det ikkje meldt om at nokon er alvorleg sjuke. Trass i koronautbrotet gir elevane uttrykk for at det har vore ei kjekk veke, seier avdelingsleiar på Sentralskulen Solveig Mjølsnes Hatletvedt.

Også fleire elevar frå Goa skule som var på Gullingen denne veka, blei smitta og måtte sendast heim før tida.