Arne Brimi (t.v.) har stengt "butikken" heime i Lom, og tatt turen til Finnøy for å bistå Frode Selvaag med årets "Ryfylkemiddag".|Brimi'en nyttar tida til å småvitsa litt med kvinnene på kjøkkenet.|Cathrine Selvaag sørger for at alt er perfekt og i orden før gjestene kjem.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: -Dette er eit måltid for å prise vårens vekster, seier Arne Brimi på uforfalska Lom-dialekt.

Han har stengt etablissementet sitt i Jotunheimen og teke turen til Finnøy for å vera med sin gode ven og kokkekollega Frode Selvaag med kokkeleringa til årets Ryfylkemiddag.

I Landahuset i Steinnesvåg er det dekka på til 40 gjester, og alt er fullbooka. Gjestene skal få nyta ein lang meny med tilpassa drikkepakke.

Cathrine Selvaag sørger for at alt er perfekt og i orden før gjestene kjem. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Dette blir eit gourmetmåltid, som hyllar gastronomien i området, slår Brimi fast.

Ryfylkemiddagen er etter kvart blitt ein tradisjon på Finnøy. Den blei lansert i 2011, og har bare hatt eit lite avbrot under pandemien.

-Me er fullbooka, og det er veldig kjekt at halvparten av gjestene er finnøyfolk. Dessutan er det gjester som har fått med seg kvar einaste middag i alle åra me har halde på. Dette er ein tradisjon dei bare må vera med på, seier Cathrine Selvaag.

Ifølge Selvaag og Brimi vil det bli servert alt mulig godt, og mesteparten er blitt dyrka eller har vakse her lokalt. Grønnsaker, jordbær, kjøt og fisk.

-I år vil me mellom anna servera entrecote av det norske urfeet raudkolle, ei av 36 norske husdyrrasar, foklarer Arne Brimi, som med glimt i auga legg til at måltidet eigentleg er ei feiring av Frode Selvaags bursdag, som tilfedigvis er på denne dagen.

Ifølge Cathrine Selvaag er det ein stor stab som skal varta opp gjestene. Mellom anna er det sju stykk frå Vea sjukeheim på Karmøy, som er på inspirasjonstur til restaurantren på Finnøy. Dei skal hjelpa til, og i tillegg kjem det servitørar.

-Det er den kvelden me er flest på jobb, seier ho.

Brimi'en nyttar tida til å småvitsa litt med kvinnene på kjøkkenet. Foto: FOTO: Rune Nedrebø