Utgløymd arkitektur-perle på Ombo

Den gamle skulen i Jørstadvåg på Ombo, blei teikna av to kjente Stavanger-arkitektar. Bygget var banebrytande for si tid, og kanskje det første, offentlege funkisbygget i øyane.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Jørstadvåg skule i dag.|Jørstadvåg skule slik han var då han var ny.|Aftenbladet sitt avishus er også teikna av Retzius og Bjorland.|

OMBO:

Skulen blei teikna på oppdrag av dåverande Sjernarøy kommune, og oppført i 1956. I boka «Norges bebyggelse, Rogaland, Midtre del», blir skulen via oppmerksomhet i kapitelet om Sjernarøy. Skulen er avbileta, og i biletteksten skriven av Johannes Hidle står det at «Jørstadvåg nye, moderne skule, oppførd i 1956 etter teikning av arkitektane Retzius og Bjorland, Stavanger, er ein sjeldan vakker og heimekoseleg liten skule, som både bygda og elevane kan vera stolte av.»,

Jørstadvåg skule slik han var då han var ny.

Skulen blei nedlagd rundt år 2000, i forbindelse med at øya fekk nytt oppvekstssenter på Eidssund. Skulen på Jørstadvåg var banebrytande, på fleire vis. Det var det første funkisbygget i øyane, og hadde vindu høgt oppe under gavlen som skulle kasta lys inn i klasserommet. Dette blei seinare kopiert av andre skulebygg, mellom anna på Fogn og på Nesflaten i Suldal.

Arkitektparet som teikna skulen på Jørstadvåg, stod bak fleire kjende bygg i byen, mellom anna Olavgården ved Breiavatnet og Aftenbladet-bygget. Avishuset blei reist på midten av 50-talet, og er i dag verna. Retzius og Bjorland teikna også rådhuset på Bryne, og saman vann dei også konkurransen om Norges ambassade i Helsinki.

Aftenbladet sitt avishus er også teikna av Retzius og Bjorland.