Å gå i eit forrektig 17. tog krev øving. Ein skal både synga, marsjera og byta plass undervegs. F.v: Ane Vignes Isacksen og Ingeborg Matilde Lauvsnes.

FINNØY:

Etter tre år med nedstenging på grunnlovsdagen, er 17.mai-feiringa endeleg tilbake. For 1.klassane på Sentralskulen blir dette deira fyrste gong i barnetoget. Sara Margrete Eike og Ingeborg Mathilde Lauvsnes fortel at dei er ganske spente på kva dagen vil bringa.,

- Me har øva litt, men eg kan ikkje alle songane utanåt, det er så mykje å læra seg, seier Ingeborg Mathilde.

Elevane på barnetrinnet brukte delar av skuledagen i går på å øva å gå i 17.-mai tog. Det er ikkje så lett, for dei skal synga samtidig. Men dei er flinke og går i beine rekker. Når lærar Merete Bergsaker gir beskjed skiftar dei som går fremst og held i klassefana, med neste mann bak. På den måten får alle gå heilt framme kvar si stund.

- Alle må hugsa å halda flagget opp, det skal ikkje ned i bakken, oppmodar lærar Tone Lise Reilstad.

- Er det nokon som veit kvifor me feirar 17.mai?

- Det er Norge sin bursdag, fortel Sara Margrete.

Stemninga er god når elevane går rundt idrettsbanen og ut på vegen. Det er korpsmusikk, elevane syng av full hals og flagga vaier høgt over hovuda. Og med det fine vårvêret blir nasjonalkjensla ekstra tydeleg. Det er store forventningar til morgondagen.