Bygging av aktivitetsparken kan begynna alt neste år
Alt neste år kan spada bli sett i jorda for bygging av aktivitetparken på Rygjabø-tomta på Finnøy.
FINNØY
: Det kom fram då fungerande gruppeleiar i Stavanger Sp, Bjarne Kvadsheim stilte på møte på Innbyggartorget på Judaberg nyleg.,
Kvadsheim er svært optimistisk med hensyn til å realisera planen, og kunne opplysa at det alt er skaffa pengar til forprosjektet, pluss at kommunen har tilsett ein person, danske Else Dybkjær, som skal jobba vidare med planen.
Forutsetninga for byggestart neste år er at det kjem på plass pengar i budsjettet i haust og neste år, for det er sannsynleg at bevilgningane må gå over to år.
Raskare enn venta
-Dette har gått mykje raskare enn me trudde, eg har aldri opplevd at eit forslag er blitt kjørt fram så raskt i det kommunale systemet, sa Kvadsheim på møtet.
Også initiativtakarane til planen, Tor Eggebø, synes dette høyres lovande ut.
-Det er kjempebra at forslaget vårt er blitt tatt så seriøst, og at det har gått så fort er berre utruleg. Det er veldig gledeleg, og knapt noko me våga å håpa på, seier Eggebø til Øyposten.
Planane går ut på å laga ein aktivitetspark, som skal vera for alle aldersgrupper. Mellom anna skal det lagast skatebane, sykkelbane og utandørs treningsanlegg. Forslaget går også ut på å rusta opp tennisbanen, og idrettslaget har også involvert Finnøy hagelag i planane.
-Dette er eit veldig spennande prosjekt, og er noko me gjerne vil få realisert. Det blir noko heilt nytt, slo ein begeistra Bjarne Kvadsheim fast.
Det blei også understreka sterkt at brukarane på Finnøy skal involverast under vegs i prosjektet.
Fantastisk mulighet
Sjur Nordbø frå Finnøy Skateklubb peika på at Rygjabø-tomta er ideell, sentralt plassert som ho er.
-Dette er ein fantastisk mulighet for Finnøy sa han.
Det skal nå byggjast ein midlertidig skatebane ved Grieg-bygget, som han håpar i alle fall delvis kan gjenbrukast andre stader på øya nå aktivitetsparken står ferdig.
Under møtet blei det litt diskusjon om også andre øyar burde få utbygd fleire aktivitetstilbud, noko Kvadsheim var åpen for viss det kom innspel om det.
Likevel blei det frå fleire hevda at eit godt tilbud på Finnøy, var noko som ville gagna alle øyane i kommunedelen.