Fylkesutvalet i Rogaland behandla sist veke innspel til jordbruksforhandlingane. Det politiske landskapet i Rogaland er endra etter valet i haust. Det blir for oss i Senterpartiet tydeleg at fleirtalet, Høgre, FrP, KrF og Venstre, ikkje er villig til å prioritera opp landbruksnæringa.

I Vestland er det sendt inn ein grundig uttale med 10 punkt til jordbruksforhandlingane. I Rogaland, kanskje det fremste matfylket i landet, var det svært viktig for fleirtalspartia å berre sende inn ein uttale med 3 punkt. Forstå det den som kan. Som eit apropos kan nemnast at til høyringsuttale om klima, som vart behandla i same møte, vart det sendt inn 13 punkt.

Dei punkta som kom gjennom nålauge som innspel til jordbruksforhandlingane var auka investeringstilskot, tiltak for auka omsetning av frukt og grønt og justert tilskotssone for Strand, Gjesdal og Bjerkreim. Viktige punkt som vart støtta av alle parti. Men for Finnøy, og også Rennesøy, er dei punkta som ikkje vart prioritert truleg viktigare.

Fleirtalet sa nei til tre forslag som me meine er vesentlege for landbruket i Stavanger kommune:

  1. Generell tetting av inntektsgapet (som var del av Rogaland sin uttale i fjor).

  2. Auka satsing på grovforbaserte dyreslag og mjølkeproduksjon.

  3. Ein offensiv for biogass – både for investering i anlegg og ei forutsigbar satsing på leveranse og drift.

Siste punktet er svært viktig for Finnøy, og vil kunne være ein nøkkelfaktor for å oppretthalde husdyrtalet når den varsla innstramminga i gjødselregelverket trer i kraft.

Me i Senterpartiet kjem til å følge opp alle innspela som var føreslått inn mot vår eigen landbruksminister. For me ser i Rogaland at det betyr noko kven som styrer.

Av Hanne Marte Vatnaland, gruppeleiar fylkestingsgruppa Harald Løland, RKNU, fylkestingsgruppa Birger Wikre Hetland, gruppeleiar Stavanger Senterparti