Dei tre brørne
Dei tre brørne var Gabriel, som bygde heim i Beite på Finnøy, så Jonas, lenger nede på Hauskje, og Olaus på Haga. Då Gabriel gifta seg, måtte kona skriva under på at Gabriel skulle få lov til å tura med jenter tre år etter ekteskapet. Han klyppte henne og heilt snau for hår for at kyrne skulle kjenna henne betre. Dei fekk ei dotter, Oliana.
Jonas veit eg mindre om, men kona het Marie, den gong uttala Maria. Folk sa JonasMaria.
Olaus bygde gard nede på Haga, der sentralskulen står i dag. Han gjekk under kallenavnet Fjaggen. Då han hadde bygd løa og fjos, selde han fjoslykta for han var så godt kjent i løa og fjoset, så lykta trong han ikkje.
Han var god å få til pengar. Når folk ville låna av han, fekk dei svar. Nei, sa han. Han kom til Haga og kveikte på svart grua, så der var ingen ting å låna! Då han skulle ha lamma til slakt, dreiv han dei til Reilstad, kor billetten til byen var 10 øre billigare.
Han las aldri avisa, det hadde han ikkje tid til. På søndagen las han i skrifta, det heldt for Fjaggen. Han hadde husholderske, ei dama som gjekk under navnet Fågnå. Ho var kjempesterk, tok ein 100 kilo sekk full av mjøl i fanget or ein robåt. Ho kom i unåde med styremannen på «Forra», forlangte han på land, men han trakk seg. Ho hadde ei dotter, ingen kjente til faren.
Ho var innom handelsmann Jakopsen: «Eg skal ha ei reidel med skrå til han Olaus». Ho tok så ei god skrå til seg sjølv. Snarsint var ho, og sa til dottera Agnes: «Kom så skal eg konfirmera deg til gangs».
Der kom ein amerikanar til Fjaggen, som han var onkel til. A. Nordby het han. Fjaggen ville at Nordby skulle kjøpa Jonasgarden tilbake til slekta. Kroner 28.000 måtte til. Då sa Fjaggen: «Du skal få 20.000 kroner av meg, men 8000 kroner må du greia sjølv.»
Nordby var ikkje interessert i noko driving, det var pengane til Fjaggen han ville ha. Då Fjaggen forstod det, ville han reisa til byen og ordna med testamentet. På landgangen kom Nordby og jaga han på land. Innestengt blei han, fekk ikkje eingong koma ut for å «late vatnet».
Fjaggen fekk det ikkje godt. Ein liten gutt på Judaberg fekk lov av Fjaggen til å sitja ved sida i kjerra. Det var stort, gutten syntest han måtte skrøyda litt og sa: «Det er ein svina fin hest du har her, Fjagg». Men skrøydet heldt ikkje lenge, for gutten fekk hestataumane rundt øyrene.
Skattemyndigheitene var etter Olaus og spurte om han ikkje hadde fått nokre brev frå kommunen. Til det svarte Olaus at breva han fekk av storfolk kunne han ikkje lesa, dei gjekk i ovnen. Alderen på Olaus veit eg ikkje, men han sovna stille inn på Judaberg hjå Oliana. Men det var ingen middag å få etter gravferda, som far sa, det var ikkje nok folk til å få Olaus i grava på ein fin måte.
Vel, vel, godt folk, dette er historier eg har høyrt, dels av far.
Harald Få