Det gjeld å lista seg ut utan at nokon vaknar. La dei få sove frampå endeleg. Eg kan nytte høvet å komma meg tidlegare på jobb. Få gått heim tilsvarande tidleg òg, og få med meg litt solskin og bading før kvelden. Komma heim og sjå korleis det har gått med dei som går på lukkeleg sjølvstyr i heimen. Eg lar dei i alle fall få sove. Dei treng rolege morgonar i ro og fred etter rop- og kaosopplegget som rår til vanleg.

Det er under ei veke sidan, men kjennes som ei æve sidan morgonane føregjekk omtrent- nei, eg meiner nøyaktig slik: «Skal alle tre på tur med badetøy i dag? Den er grei. Husk solkrem. Jo, det må du. Det står på arket. Nei. Den svir ikkje. Den er heilt vanlig. Kor la du badebuksa etter svømming i går, då? Ligg den igjen på skulen? Då får me finne den med hai. Jo, det må du! Viss skjortsen med vannmeloner på er på skulen, er det ikkje noko å gjere med det. Den med haiar på passer heilt fint. Skal du ha med håv og bøtte også? Håv på skulebussen. Er det lov? Ikkje virr rundt med den håven. Og oreokjeks. Det har eg kjøpt. To frukt på minsten. Det får bli gulrot. Det trur eg me har. Og 4. klasse får ha med saft, men ikkje 2. klasse, ser eg. Me har ripssaft. Ja, eg veit at den smaker surt. Det er det som er poenget med rips. Det smaker surt. Men det er den me har. Det blir rips eller vatn. Kva seier du? Skal du ha med to oppkutta grønsaker? Fordi det er bålforbud ja. Bussen går om fire minutt. Spring, spring spring. Husk håven».

Så dei skal vèl få sova til dei vaknar. Få stå opp til eit roleg hus. Og ete frukost i ro og fred. Det er sommarferie. Åtte veker med fri. Tidlegare i dag opplevde eg eit augeblink av lukke då eg såg på Spond-appen at neste arrangement ligg langt uti august. Spond har løsna grepet om kvardagen. Kven hadde trudd at den overivrige arrangements-appen også tok sommarferie. Til og med ein lang ein.

Me vaksne har kvilepuls sjølv om me er på jobb litt til. Roen har senka seg, og det er kvardagar utan å rekke ting, finne leggskinnar, køyrelister og middag på åtte minutt.

Denne hausten har eg valt å ha namnet mitt på ei politisk liste til kommunevalet i september. Hos Kristeleg Folkeparti. Partiet som ofte vert omtala familiepartiet. Som framsnakkar familien, med alle dei formene, fasongane og ulikskapane ein familie kan ha. Men som sameiner i at denne nære konstellasjonen er med oss jamt i kvardagen. Det er her me viser oss utan filter, kan vise skuggesidene av oss sjølv. Fordi me er trygge og nære. Familien er det som for dei fleste vert opplevd som ein trygg base, som gjer at me kan vekse.

Eg kjenner at dette familiepartiet eg stiller til val for, òg har nokre løysingar, eg svært gjerne skulle hatt meir av i vårt liv, der me er nå.

Eg hadde ønska KrF si ekstra ferieveke for familiar med barn, svært velkommen. Eg synes det verkar veldig lenge til eg er seksti år, og får ei ekstra veke med ferie. Barna har omlag 13 veker fri i løpet av eitt år. Me vaksne har 4 til 5. Reknestykket går ikkje opp. Denne spagaten i ferieveker, gjer mange fortvila. For dei med eineomsorg for eit barn, er denne vekekabalen med ferie ei verkeleg utfordring.

Stavanger KrF ynskjer og å testa ut ei ordning for kommunen sine tilsette at ein kan gå ned i 90 prosent stilling når ungane er små, men med full lønn. Rentevekst og prisvekst gjer valet om å gå i redusert stilling ekstra vanskeleg for mange. Eit slikt grep gjeld ei avgrensa tid i livet, men kan gjelda i den tida der me treng det mest. Og me foreldre minskar risikoen, eller deltidsfella som det så brutalt vert omtala som, som er ved å gå i redusert stilling, med tanke på tap av pensjonspoeng, lågare sjukepengedekning, og at ein får eit lågt lønnsgrunnlag om ein må over på til dømes dagpengar eller arbeidsavklaringspengar. Fordelane er at ein kanskje minskar sjukefråveret med å ta bort litt stress i ei svært hektisk tid i livet. Samfunnet må òg tena på at barn og vaksne får frigjort tid, og at dei vaksne får meir overskot til å følgje opp barna i den tida der det krev mest å få det til å gå rundt.

Me kjem jo ikkje unna at me har rigga dette livet sjølv. Det hektiske familielivet, med aktivitetar, ungar og til og med ein katt. Ungar som liker å gå på mykje, og vil vera aktive. Eit liv og ein puls som me garantert kjem til å sjå tilbake på, og sakne om nokre år, når det er færre sko i gangen og stilt i huset. Men akkurat no kjennes det vel hektisk frå 20. august til 20. juni kvart år. Og eg skulle gjerne hatt meir familiepolitikk frå KrF i kvardagen, til litt meir kvilepuls resten av året også. Så hadde det blitt litt slik som det er no når det er sommar, arrangementsfri og sola skin.

Av Ingrid Eiane Setvik

Stavanger KrF