Her ein dag brukte eg 4793 kroner på mjølk. Mjølk er gode greier det, ikkje misforstå meg. Veldig godt. Byggesteinar for kroppen. Sterkt skjelett. Gode tenner. Støtte Tine. Men å kjøpe mjølk for nesten 5000 kroner viser att i budsjettet det altså. No var det riktig nok for eit heilt skuleår. Og riktig nok har me tre heile ungar som liker mjølk. Eg er glad for at dei liker mjølk. Eg liker at dei kan få det på skulen. Eg har spurt dei. Drikk du opp mjølka di kvar dag? Tømer du den ut? Eg gidd ikkje kjøpe skulemjølk viss du ikkje drikk den opp. Så lovar dei at dei drikk mjølka då. Kvar dag. Så er me alle nøgde.

Ikkje alle kan gje ungane skulemjølk. Sjølv om ungane liker mjølk. Og sjølv om foreldra òg synest at mjølk er gode greier. Og godt for tennene. For mange er 4793 kroner eit heilt usannsynleg beløp å kunne legga ut i eit budsjett som skal halde for familien. Så kjem skulemjølka samstundes, oppå og ved sida av aktivitetsavgifta til idrettslaget, betaling for den julegåveleiren som alle venene skulle på, medlemsavgifta til idrettslaget. Og innbetalinga frå cup’en i sommar ein hadde gløymt å betale.

Førre veke kom ei ny rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO om kva denne perioden me er i no, med dyrtid i samfunnet og renteauke gjer med norske hushald. Dei siste to åra har delen som har ein trygg økonomi gått ned frå 65 prosent til 51 prosent. Prosentandelen hushald som er «utsette», som «slit» og som er «ille ute», har auka betrakteleg dei to siste åra. Forskar Christian Poppe i Sifo seier at det er svært bekymringsfullt at 150.000 hushald ligg på det lågaste tryggleiksnivået, som omtalast som «ille ute». Her oppgjer fleire at dei må droppa måltid og fleire som seier at dei ikkje et kvar dag. I om lag ein tredjedel av desse mest utsette hushalda bur det born.

Det ser ut til at ulikskapen mellom dei som har det greitt og dei som har minst blir større i Norge. Då vert og den oppleva fattigdomen større, då ein vert sett på sidelinja samanlikna med kva andre har moglegheit til, og kva som vert oppfatta som normalen hos fleirtalet. I den mest utsette gruppa økonomisk, er det ein stor del som seier at dei reduserer matforbruket, reduserer sosial omgong, reduserer borns fritidsaktivitetar, unnlet å betala rekningar og låner pengar for å få klara utgiftene.

I Stavanger har me siste året fått mykje gratis. Gratis buss. Gratis skulemat. Gratis SFO til første og andre klasse. Personleg liker eg gratis. Eg trur alle likar gratis. Men det betyr ikkje at gratis alltid er rett eller lurt. Alle desse ordningane vil nok ikkje førast vidare av den nyvalde politiske posisjonen. Eg trur, og KrF, partiet eg har vald å engasjera meg i, trur mindre på løysingar som er gratis for alle.

Eg trur på løysingar der skulane får ei større råderett over auka frie midler og kan sjølv bestemma om dei vil tilby skulemat, om dei vil tilsette fleire vaksne eller dei vil gjera andre tiltak som dei trur er rett for skulen sin. Eg ynskjer meg verkeleg ein skule med eit auka økonomisk handlingsrom, og håper at dette blir ei prioritering i Stavanger framover.

Eg trur på løysingar der dei som har behov for det, får meir. At ein hever grensene for kva økonomisk inntekt som gjer at familiar som treng det får gratis SFO, gratis barnehage, at ein får friplass i kulturskulen, at ein ikkje treng å betale aktivitetsavgift i idrettslaget. Slik kan dei som treng det få meir gratis, meir enn at alle får litt gratis.

Auka barnefattigdom, og barn som på grunn av foreldre sin økonomi kjem på sidelinja i aktivitetar, sosiale tilstellingar og deltaking er noko me må motverka med alt me har. Me har alle eit stort ansvar både i kommunen, frivillige organisasjonar og idrettslag, og som naboar og vener i lokalsamfunna der me bur for at alle får vera med.

Men mange i Stavanger kan betale for bussen, har økonomisk bæreevne til å betale for SFO og kan betale 4793 kroner for skulemjølk. Og for dei treng det ikkje vera gratis.

Av Ingrid Eiane Setvik

Stavanger KrF