Lesarbrev: Lytt til forslaget om fritidskortet

Med KrF i regjering hadde også Stavanger kommune hatt dette tilbodet, skriv Anne Kristin Bruns, leiar Stavanger KrF i dette lesarbrevet om fritidskortet.

Publisert: Publisert:
Anne Kristin Bruns, leiar i Stavanger KrF.

«Det som er ille er om ikke alle får være med på grunn av dårlig råd. Da vil
vi legge til rette for at idretten er tilgjengelig for alle, og at en økonomisk
terskel ikke holder noen utenfor. Det er en stor demokratisk oppgave vi har
foran oss» seier Gahr Støre til TV 2 etter Idrettsgallaen på Hamar.

Har ikkje statsministeren oppfatta kva KrF faktisk fekk gjennom når vi sat i
regjering. Forslaget var å setje av 2000 kr. øyremerka til bruk på fritidsaktivitet for alle born mellom 6-18 år. Nettopp at fritidskortet skulle forebygge for den utfordringa vi ser skje i mange deler av landet, familiar som slit.

Det hadde vore lurt av regjeringa å lytta til KrF sitt forslag og gjennomført den storsatsinga på frivilligheita som dette er, og for dei mange familiar som slit økonomisk. Det er ikkje kor tjukk lommebok dei føresette har som bør avgjera om borna skal få vere med på ein fritidsaktivitet eller ikkje.

Med KrF i regjering hadde også Stavanger kommune hatt dette tilbodet.
Heldigvis har vi i Stavanger KrF lagt dette inn i vårt alternative budsjett
saman med mindretalspartia som eit forsøk i nokre kommunedelar med
særlege levekårsutfordringar.

Deltaking i ein organisert fritidsaktivitet bygge relasjonar, nettverk og
opplebving av å høyre til. Dette må alle få lov til å delta på uavhengig av
familien sin økonomi.

Anne Kristin Bruns
Leiar Stavanger KrF