I jula ønsker kyrkja å legge til rette for møteplassar der folk kan kome saman, der du kan kome utan å ha fått ein privat invitasjon. Slik ønsker kyrkja å vere heile året, for og med folka som bur her, og er her.

I Finnøy kommunedel har vi fem flotte kyrkjer som er pynta til julehøgtid og ventar på julesong, juleevangeliet og deg og meg. Det er godt å vere ein del av eit fellesskap, enten det er i kyrkjelyd, barnehage, skule, arbeidsplass, vennegjeng, trimløypa i Teigen, på formiddagstreff eller på «drøsecafè».

Einsemd er ei stor utfordring i vår tid, «The lonely century» blir vårt hundreår omtala.

Mange kjenner seg utanfor og føler at alle dei andre ser så glade ut, dei andre har nokon å vere saman med, le med, feste med, spele fotball med, ete taco med, men sjølv kjenner ein på vemod og opplever at invitasjonar blir borte.

Nokon har opplevd å få nye venner etter at dei har opna opp om einsemda si, dei våga å setje ord på korleis dei hadde det og andre kunne respondere. Kanskje er det fleire i same situasjon?

Det viser seg at det er menneskeleg å kjenne på dei triste tonane, sjølv om det er vondt. Det kan koste å vise seg sårbar, men gjennom livet er vi vel alle sårbare til tider? Ein gong kan det vere du som treng å bli invitert, ein annan gong er det du som inviterer. Det er ein hårfin balanse dette livet, mellom å gje og ta imot, jobbe og kvile, le og gråte, trøyste og å bli trøysta.

«Må alle dele håpet, så gode ting kan skje. Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det».

Kan jula minne oss om å dele håpet? Kan Jesus vere vårt forbilde, slik at ingen mister motet?

Takk for all god innsats frå frivillige og tilsette i året som har gått.

God Jul og velsigna Godt Nytt År.

Ingvild Angelskår Moen Diakonmedarbeidar Kyrkja i Finnøy