– Må alt vere heilt gratis?

Vedkomande som spurte var nok litt oppgitt over gratisbølgja i Stavanger; gratis buss, gratis skulemat, gratis SFO og no det siste; alt «maset» om gratis ferje. Men kvifor er dette med gratis ferje så viktig for oss? Svaret er å visa til kva ringverknadane av gratis ferje har betydd i lokalsamfunna våre.

Victor Normann-rapporten; «NOU 2020 Det handlar om Noreg – utredning om konsekvensar av demografiutfordringar i distrikta» peiker på gratis ferje som eit positivt verkemiddel som har betydning for demografien, altså kvar folk vel å busetje seg.

Dei aller fleste av dei ikkje-landfaste øyane våre i Finnøy kommunedel opplever dramatisk nedgang i folketalet. Sidan 1980 har Ombo hatt ei nedgang på nærare 30 prosent, Sjernarøy 25 prosent, Halsnøy knapt 20 prosent, Bokn og Byre vel 20 prosent. Fogn har totalt ei lita oppgang på 5 prosent, men dei siste 13 åra viser negativ folketalsutvikling her også. Ei trend som gamle Finnøy kommune prøvde å motarbeide, utan å lukkast. Håpet var at å bli ein del av ein større kommune, kunne gje viktig drahjelp til dette.

Då det frå regjeringshald vart snakk om gratis ferje til små veglause samfunn, var det mest så me ikkje kunne tru det. Det var det mest verdifulle handslaget som er gitt til øyane våre nokosinne. Fordi verdiar skapast når det vert lagt til rette for dette; optimismen snur, investeringa aukar, det vert fleire sikre jobbar, og det gjev ringverknadar i alle ledd.

I aksjonsgruppa som jobbar mot fjerning av gratis ferje, har me arbeidd med å synleggjera kva positive ringverknadar gratis ferje har og har hatt, og desse gjeld også for øyane våre:

  • Gratis ferje er sannsynlegvis det mest målretta tiltaket som er sett i verk frå storsamfunnet si side for at små samfunn skal kunne vekse og utvikle seg vidare.

  • Gratis ferje er det enkelttiltaket som har skapt desidert størst framtidstru i våre små veglause samfunn.

  • Gratis ferje er det sterkaste tilgjengelege verkemiddel for å stabilisere og auke innbyggartala i lokalsamfunn utan fastlandsforbinding.

  • Gratis ferje aukar etablerings- og investeringslysta blant næringsdrivande, både i lokalsamfunnet og frå etablerarar utanfrå.

  • Gratis ferje stimulerer og aukar det samla aktivitetsnivået i lokalsamfunnet, meir enn noko anna enkelttiltak.

  • Gratis ferje forenklar den daglege flyten i transporten og senkar terskelen for å bevege seg til og frå fastlandet.

  • Gratis ferje har ført til auka interesse for lokalsamfunna våre, noko som gjev meirverdi i alle ledd, og det har auka samhandlinga med fastlandet.

  • Gratis ferje har gitt gevinst i heile næringslivet som langt overstig alle eventuelle meirkostnadar gjennom auka verdiskaping.

  • Gratis ferje har gitt oss tru på at det overordna politiske systemet i Norge fungerer, og er ei stadfesting av eit politisk vidsyn som tek demografiutfordringane i distrikta på alvor.

  • Gratis ferje er ein stor siger for fornufta, og ein aksept for at ferjer til lokalsamfunn utan fastlandsforbinding, skal likestillast med vegen til resten av landets lokalsamfunn som ikkje er avhengig av ferje.

I gamle Finnøy kommune var det ikkje mangel på tiltak og prosjekt for å stimulera til bulyst og å auka folketalet. Det einaste tiltaket som gav resultat, var vedtak om veg. Den 30. oktober 2009 opna Finnfast, og tunnelen vart bindeleddet vårt til fastlandet. Ser me folketalsutviklinga på Talgje og Finnøy i eit 40-års perspektiv, har Talgje hatt ei befolkningsauke på over 140 prosent, Finnøy har hatt ein auke på knapt 45 prosent. Denne erfaringa vår viser at den endelege stabiliteten me treng, er eit vedtak om veg. For når vegen er komen, kan ingen ta den frå oss igjen. Gratis ferje har gjort samordninga med fastlandet lettare og meir fleksibelt. Men; dei siste åra har vore ein konstant kamp for samferdsel inn til øyane våre. Det skal berre eit politisk vedtak til, så endrast hurtigbåt- og ferjetilbod. Øyane våre ropar etter den stabiliteten som Øyfast-prosjektet kan gje oss. Fram til då, er gratis ferje det beste handslaget frå storsamfunnet om at dei framleis vil at det skal vera liv på øyane her.

At fylkespolitikarane i fleirtalet ikkje viser vilje til å fokusera på kva ringverknadar dette verkemiddelet har skapt og skaper, har starta ein storm av frustrasjon og sinne. No har ferjesaka snart halde på i to månadar, og ei mengd med lesarinnlegg, telefonsamtalar og ulike møter er gjennomført. Ein har prøvd å argumentere med fornuft, med moral, med samvit, men det tenderer også til å bli argumentert ut frå sinne, latterleggjering, personåtak og andre hersketeknikkar som ein burde halde seg frå. Då vert orda lett både hardare og frontane berre enno steilare. Fleirtalet si anvending av løyvingane slik dei er gitt, er lovleg, om me meiner det er aldri så forkasteleg.

Aksjonsgruppa sitt mål er ikkje politikk og politisk spel, men å løysa denne saka til beste for øysamfunna våre som vert ramma av vedtaket i fylket. Difor vender aksjonsgruppa seg no mot regjeringa som er arkitekten bak gratis ferje. Dei sit på nøkkelen for å sikre at gratis ferje vert festa i lovverket i fortsetjinga. Aksjonsgruppa har avtalt møte med kommunalminister Erling Sande i Oslo onsdag 24. januar, og me ser fram til eit godt møte og ei god løysing i denne saka.

For våre samfunn er det meir enn nok at det er stengt veg med bom det meste av døgeret, om ein ikkje skal gjeninnføra bompengar i tillegg. Det hadde ikkje vorte godtatt nokon annan stad.

Sissel Marie Bjerga

Stavanger KrF Leiar av Finnøy kommunedelsutval og vara til bystyret i Stavanger Nestleiar i aksjonsgruppa «Nei til fjerning av gratis ferje»