Forutsigbarheit i hurtigbåt-tilbodet i Ryfylke etter nyttår
Til
Kolumbus
Medlemmene i samferdselsutvalet på fylket
Fylkessamferdselssjef Stine Haave Åsland
Innbyggarane i Ryfylke blei kasta ut i stor uvisse då hurtigbåtanbodet vart kansellert no i vår. Elektrifiseringskrav av båtane gjorde at prisane skaut i været, og det har vore usikkert kva som skjer etter nyttår.
Rutestrukturen me har no, har vore den Ryfylke har hatt dei siste 20 åra. Den er kjent og forutsigbar, om du kjem frå Sauda, Suldal, Hjelmeland, Finnøy kommunedel i Stavanger eller Strand, og den fungerer på alle vis:
- Det fungerer med buss- og ferje-korrespondansar der dette er naudsynt
- Det fungerer for pendlarar både innanfor Ryfylke og til Stavanger
- Den er tilpassa som skuleveg til vidaregåande opplæring til Strand, Sauda og på Sand og korrespondanse til andre vidaregåande skular som Tveit og Lundeneset
- Den er skuleskyss til barne- og ungdomsskule for elevane i grunnskule på dei ikkje-landfaste øyane
Det er kjent at når det no skal lysast ut eit nytt og kortsiktig anbod på 3 til 5 år så skal det lysast ut på den nye og ukjente rutestrukturen som me fryktar vil ha mange hol og vil gjera kvardagen vanskelegare for innbyggarane i Ryfylke:
- Ungdommane som går på Strand vidaregåande skule rekk ikkje skulestart
- Hurtigbåten frå Stavanger 15.30 får ekstra anløp innom Tau – utan at reisetida til Finnøy er utvida. Det vil skapa problemer for alle vidare ruter som korresponderer, for her blir det forseinkingar som forplantar seg. Det er også fleire andre hol i den nye ruteplanen, og sannsynlegvis vil det dukka opp fleire når den eventuelt trer i kraft
- Rekk me å levera og henta i barnehagen si opningstid med dei nye pendlarrutetidene?
- Reisevegen for dei minste skuleungane som pendlar til Finnøy skule med båt blir kraftig forlenga når båtruta går motsett veg frå før
Me ber om at Kolumbus legg til grunn det eksisterande rutetilbodet når det no lyses ut ny anbodsrunde i ein så kort tidsperiode. Alternativt at det lyses ut både det nye og det eksisterande rutetilbodet slik at ein får belyst kva skilnaden vil bli. Erfaringen frå anbodsrunden i 2002 då dagens rutetilbod blei satt i drift, var at det blei mykje justeringar etter ein kort driftsperiode. Ekstrautgiftene i forbinding med dette, vart kostnader for Kolumbus. Det er for mykje uforutsigbart med dei nye rutene, som sannsynlegvis vil krevja nye justeringar, og uforutsigbarheiten og usikkerheiten blir stor for innbyggarane.
I neste runde, vil sannsynlegvis krav til elektrifisering av båtar koma, då må det til enno større justeringar av rutetilbodet for å dekka ladebehov til kai blant anna.
Me veit at dagens rutetilbod verkar, og at det vil vera enklast og best for ein ny og kort anbodsrunde med forutsigbarheit for innbyggarane. Me veit og at innbyggarane er nøgde med dagens tilbod, og at det vil skapa minst mogleg støy og klager inn mot Kolumbus, og gje ro rundt anbodsprosessen. Det mest avskrekkande for oss som bur og er avhengig av båtane, er at kvardagen vert for tungvint, reisetida blir lengre, og bulysta forsvinn. Det har korkje me i Finnøy kommunedel, eller nokon annan stad i Ryfylke, råd til – same kva kommune ein bur i. Forutsigbarheit og trygghet på ruter som fungerer er avgjerande for alle!
Finnøy kommunedelsutval
7. juni 2023