Lesarbrev: Ukrainas skjebne er Europas skjebne


Nå har Putins krig i Ukraina forandret seg frå å vera ein såkalla militær operasjon til å bli den feigaste form for krigføring som går an.

Publisert: Publisert:

I mangel av framgang på slagmarken settes nå alt inn på å gå etter sivilbefolkningens viktigste nødvendigheter, nemleg strøm, vann og energi
ellers.

Det å sitja på russisk territorie og programmera droner og missilar til å treffe viktig infrastruktur i byar i Ukraina utan å bli skadelidane sjølv, er feighet satt i system av ein diktator som ikkje skyr nokon form for midler for å nå sine mål. Målet er klart, skaffa seg meir land og herredøme over dette.

Russland er frå før verdas største land. Difor er det viktigare enn nokonsinne at enigheten som har vore i Europeiske land om å støtta Ukraina, ikkje slår sprekker.

Når vinteren har begynt så blir knapphet på energi den største utfordringen, ikkje berre i Ukraina, men også nedover i Europa. Her i landet er vi bekymra for matprisar, renteoppgang, strømprisar o.a, for nokon er det ein realitet.

Dersom dei same bekymringane gjer seg gjeldane i dei andre landa som til no har stått saman om å støtta Ukraina, kan det fort skapa uro og frustrasjon som igjen gjer at samhaldet mot Putin kan rakna.

Det er det verste som kan skje. Aldri før har det vore viktigare å stå saman mot
den farligaste mannen etter Hitler. I sist veke var det demonstrasjonar i Frankrike der folk tilkjennega si misnøye mot nettopp det eg nevner.

Som kjent er det når krybba er tom at hestane bites. Dersom den måten krigen blir ført på nå, ved å utmatta befolkningen, fører fram og Ukraina må knele for Putin, vil det få uante konsekvenserer. Ikkje berre for Ukraina, men også for
resten av Europa og andre deler av verda.

Det må aldri skje og difor er samhaldet i Europa viktigare enn nokonsinde. Det er difor eg meiner at Ukrainas framtidige skjebne også er Europas skjebne.Nå må alle land fortsatt visa at vi står last og brast med Ukraina. Hvis ikkje, kva land blir det neste som må knela for Putin?

Norge er blitt ein storlevrandør av gass til Europa grunna krigen i Ukraina. Gass som Europa skrik etter og kjem til å trenga i lang tid framover ettersom gass frå Russland nærast har stoppa opp som resultat av sprenging av Nordstream i Østersjøen og at Europa prøver å gjer seg uavhengig av gassen til Putin. Dess meir uavhengig av produkter frå Russland dess betre.

Staten ligg an til å ha ei inntjening på over 1200 milliarar kroner i 2022, det meste frå gasssalg. Oljefondet er på mellom 12 og 13000 milliardar. At Norge tjener store penger på krigen i Ukraina burde væra eit stort tankekors.

I sist veke såg eg eit 40 minutts intervju med president Volydymyr Zelenskyj, gjort av Dave Letterman. Dette foregjekk 30 meter under bakken på ein undergrunnsstasjon ein stad i Kyiev. Når ein ser og høyrer denne mannen snakka til oss og snakka til sine landsmenn blir eg full av beundring.

Han er ikkje den som brukar store hatske ord om Putin og Russland, sjølv
om kvar mann og kvinne kunne falt for fristelsen. Nei, på ein klar og glødane måte fortel han oss at det ikkje er aktuellt at Russland skal få hand om ein kvadratmeter av det landet som er deiras. Han har ein apell som smittar over på befolkningen og gir håp.

La oss alle saman bruka litt av jula til å tenka på Ukrainas lidelsar og viktigheten av at deiras kamp for rettferdighet blir krona med seier.

Arild Flesjå