Lesarbrev: Gratulerer med 20-års jubileet for hallen
Gratulerer med fin 20 års fest for hallen. Diverre måtte eg vera heime grunna sjukdom. Gleda har eg når eg tenkjer på dugnads timane mine. Så høg timebetaling har eg aldri fått når eg ser kva resultatet blei, den flotte hallen.
Ungdom med plettfri vandel som har vandra ut og inn av hallen. Ros skal skal det ha, og lukke til vidare.
Bruk av litlastova tek eit aktivt pensjonist lag seg av. Røyster meiner at laga frå Betel og hallen burde slå seg saman. Storhallen vert lite brukt utanom 17 mai til samkomer.
Etter att hallen vart opna var kyrkjekoret der med vakker sang, gudstenester og misjonselskapet Nordmisjon med regionsårsmøter. No det stille.
I hallen er ordet «Fleirbruk» teke med, og difor kan det også brukast av misjonen.
Fogn har noko å læra oss. Gjestfrihet har dei, og kjem du dit er du alltid velkommen. No ein kveld var 200 samla i kyrkja deira, og tidlegare ambassadør i Ukraina var med oss.
Det var middag, desser og kaffi med andre ord ein verkeleg festkveld.
Når det er meir bruk av hallen kjem det alle til gode. Me er no i Stavanger, og den kommunen er ikkje noko konkursbo. Det er heller ikkje hallen. Så ver rause og bruk hallen, det er ein flott Fleirbrukshall.
På Finnøy er me så heldige at me også har Leikvoll, Teigen og fin skytterbane. Takk for eit utmerka arbeid, etter 20 år er hallen like fin.
Tor Øystein Nærland