Kommuneplanen er under rullering, og skal godkjennast politisk til våren.

Kommuneplanens arealdel er det viktigaste dokumentet ein har for korleis framtida skal verta og korleis kommunedelen vår skal sjå ut. No skal arealplanane for Finnøy, Rennesøy og Stavanger samlast i ein plan for Stavanger kommune.

I arealplanen er det føreslått mange endringar – grunneigarane bør gjera seg kjent med om det er forandringar på sin eigedom. I tillegg er det lagt fram ein «Grøn plan» på 140 sider som har vore på høyring no i haust.

I Grøn plan kan me lese om korleis kommunen vil ivareta grøntstruktur, naturmangfold, friluftsliv og dei blågrøne nærområda, og gjera desse temaene juridisk bindande i kommuneplanen (s 6).

Hovudmålet for den grøne planen er slik: «Stavangers grøntstruktur skal bevares og videreutvikles som bruks- og rekreasjonsområder for mennesker, for naturmangfold og for å bidra til klimatilpasning» (s 9).

Sissel Marie Bjerga. Foto: Arkiv

Friluftsliv og kulturlandskap

Ein kan få inntrykk av at ein bonus av kommunesamanslåingen var tilgang på friluftsområder. Planen viser til SSB (s 17) om at totalt ca 7% av kommunens totale areal er bebygd av bygninger eller vei. Grøne områder, idretts- og sportsområder utgjer 2,8 kvm2. Resten av arealet er jordbruksareal og skog, altså om lag 90%, er visst ikkje grønt areal.

Vidare kan me lese at «byområdet Stavanger er den byen i Norge med minst tilgjengelige grønne arealer pr. innbygger. Vi har ingen «marka» utenfor byen slik som Sandnes, Bergen og Oslo har»(s 19). Ja, dette høyres veldig rart ut – rett etter ein kommunesamanslåing som har gitt Stavanger store grøne areal, ja, ein helt ny identitet som hav- og landbrukskommune, der kommunen kan smykke seg med fleire nye «størst i landet på…»

I planen kan me lesa at for Rennesøy og Finnøy er det først og fremst viktig å «ivareta natur- og landskapsinteresser samt friluftslivinteresser i kulturlandskapet. Dette må sikres i kommuneplankartet. Samtidig er kulturlandskap avhengig av aktiv tilpasset drift»(s 106).

I gamle Finnøy kommune var det meste av arealet kjerneområde landbruk – dvs at landbruksinteressene stod i særstilling når det gjaldt arealforvaltning. Det synest som om det gamle «kjerneområde landbruk» har blitt satt som nummer to.

Det motsatte av jordvern, er jordbruk! I same avsnitt kan me også lese om ein «voksende befolkning». Det er heller det motsatte som kjenneteiknar dei ikkje-landfaste øyane.

Landskap må forvaltast

«Dei største endringane foreslås i Finnøy kommunedel der det var få henssynssoner for friluftsliv på land fra før» (s 125).

Det blir ikkje vakrare landskapsområder av omsynssoner. Områda framstår best når dei forvaltast, dyrkast og blir brukt, som til dømes til beite. Me vanskelegare kår for landbruket, kan fort landskapet bli overlatt til seg sjølv, og då går det tilbake til naturen – overgrodd av skog, kratt, tistel og anna ugras; langt frå kultur, kulturbeite og kulturlandskap.

Øyfast ligg i kommuneplanens arealdel som omsynssone for båndlegging. Båndleggingssoner anviser enten områder som skal regulerast eller områder som er båndlagt etter anna lovverk enn plan- og bygningsloven. Ei slik båndlegging, som vegtraseen for Øyfast, kan liggje i kommuneplanen i 4 år, og så kan det søkjast Statsforvaltaren om å få videreføre båndlegging i fire år til.

Etter 8 år, er båndleggingssone ute av plan.

Øyfast i omsynssone for friluft

Stavanger kommune føreslår å la båndlegginga for Øyfast liggja i fire år til. Men vil dei aktivt jobba for dette, eller er det berre ein måte å «blidgjera» oss på?

Trekløveret frå kommuneplanens samfunnsdel seier kva Stavanger kommune er opptatt av «Grøn spydspiss, gode hverdagsliv og regionmotor». Vil dei vera regionmotor i vår del av kommunen? I grøn plan kan me sjå korleis kommunen føreslår å gjera dei same areala som er båndlagt for Øyfast, til omsynssoner for friluftsliv og landskap.

KULA-registreringen av Sjernarøy er foreslått som ei eiga omsynssone for landskap, og samtidig vil dei leggje ei omsynssone for friluftsliv rundt heile. Det same skjer i arealet frå nordre Fogn til søredelen av Halsnøy og over alle øyane i mellom – omsynssone for landskap og for friluftsliv – akkurat same område som vegtraseen for Øyfast.

Me går altså inn i ein veldig viktig fireårsperiode for dette viktige vegprosjektet. Engasjementet for dette må vakna hjå yngre generasjonar. Til no har Kjell Nes, Daniel Nedrebø og Olav Halsne med fleire vore primus motor og kjempa for ein veg som dei kanskje ikkje får oppleva sjølv. Dei har skjøna at det er veg som er framtida for folkevekst, utvikling og levande bygder og øyar.

Desse øyane må ikkje reduserast til å verta friluftsområde for byen. Snittalderen på øyane går opp, små grendeskular kjempar mot nedlegging. Vedtak om veg gjev optimisme til å våga å satsa vidare – både å bu og å utvikla.

For nokre veker sidan kunne me lesa om ferjene våre som kosta 250 000,- per dag å drifta. Når staten vil utvikla distrikta og lovar 45 år med ferjeavløysingsmidler, vil det åleine gje over 4 mrd i støtte til dette vegprosjektet. Men det må både lokal vilje, og vilje frå kommune og fylke for å få dette til.

Krf arrangerer ope møte om planen

Me må vakna! Arealplanen med grøn temaplan skal til politisk behandling til våren. Eg fryktar den går lett gjennom. I verste fall er dei fleste av politikarane i frå vår kommunedel inhabile då dei er grunneigarar i foreslåtte endringar i planen.

Kva skjer med øyane i vår kommunedel på sikt? Vert dei redusert til friluftsliv og verning av landskapsområde? Kva me oss som bur her, som vil driva, dyrka og ta vare på gardane våre som har vore i generasjonar og som er årsaka til at landskapet ser ut slik det gjer i dag? Du må vera med å påverka!

Torsdag 24. november kl. 19.30 tek Stavanger KrF initiativ til eit ope møte på Innbyggjartorget på Judaberg med tema «Utviklinga av øyriket», og både Øyfast og grøn plan vil vera på agendaen. Me håper mange vil koma og visa engasjement for viktige utviklingsprosjekt for vår kommunedel! Me har berre tida og vegen!

Av Sissel Marie Bjerga