I det finaste romjuls-ver som tenkjast kan på ei ryfylkeøy, kunne Fogn idrettslag invitera til Romjulsmarsj – med ein ny vri.

Tidlegare år har denne marsjen bruka hatt start og mål ved skulen. Ofte i mørke om kvelden og gjerne med tende faklar.

Minst to ting har endra seg på Fogn dei siste åra: Me har fått den flotte dagsturhytta – Ørnareiret – plassert ved Ørankula – høgste toppen på øya.

Og private eldsjeler, saman med mellom anna idrettslaget, arrangerer nå sams fyrverkeri på nyttårskvelden. Dette i to avdelingar, kl. 19.00 for minste og kl. 00.00 for dei noko vaksnare. Trongen for fakkeltog er såleis mindre.

Det nytenkjande idrettslaget kom då til at å invitera til ein annleis marsj i romjula kunne ha noko for seg. Den einskilde kunne sjølv velja kvar på øya ein ville starta, men målet for alle var Ørnareiret.

Vel 60 personar med stort og smått var innom hytta mellom kl. 12.30 og 14.30 på laurdagen i romjula. Alle som ville ha kunne få medalje og/eller gløgg. Fleire nemnde på at dei kjende på ein form for påskestemning i det vakre vêret.

Sola stod så høgt på himmelen som råd var og me kunne kjenna ho varmde i hytteveggen. Mellom dei registrerte marsjdeltakarane blei det etterkant trekt ut vinnar av eit gåvekort pålydande kr 750,- frå idrettslaget. Gåvekortet kan nyttast til alle arrangement ved Stavanger Konserthus. Vinnaren blei Jonathan Borgemyr.

Fogn idrettslag takkar alle for deltakinga.

Ottar Sandanger