Tysdag var Verdsdagen for psykisk helse, og det er ein dag som vedgår oss alle.

Alle har ei psykisk helse.

Sjølv det menneske som har verdas sterkaste psykiske helse, kan risikere å gå på ein smell.

Kan det hende at nokre av dei psykisk sjuke aldri ville kome så langt inn i sjukdommen om dei hadde noko å verna seg med? Gode fellesskap, til dømes. Der kan enkeltmennesket gjere så mykje meir enn samfunnet.

Psykisk sjukdom er ikkje berre ein sjukdom som ein har eller ikkje har.

Me kan snakka om lett depresjon og alvorleg psykose med same paraplyen over. Her siktar eg mest til dei som har mindre alvorlege symptom, og som kanskje kan hjelpast med mindre tiltak.

Erik Haraldseid Bleie snakka tysdag på innbyggartorget på Finnøy om det viktige drøset. Det fekk meg til å tenkje på korleis samfunnet har endra seg berre dei få åra eg har budd i kommunedelen.

Drøset har endra form. Før drøste me på ferja, når me i fellesskap venta på å kome over til andre sida av fjorden. Me drøste kan hende meir når me møtte ein kjend på butikken. I blant kom me på at me skulle besøke nokon, kan hende til og med utan å åtvare på førehand.

No har me det alltid så travelt. Har ikkje tid til besøk.

Må rekkje middagen, før trening og så skal me jo hente i vennegruppe og køyre både hit og både dit etter arbeidstid, og så på foreldremøte. Det blir nokre ord veksla i forbifarten, fram til me tilfeldigvis sjåast att. Ein annan gong me er på veg ein stad.

Er travelheita i ferd med å ta knekken på drøset?

Organisert drøs er det desto meir av i dag enn tidlegare. Me drøsar på møter og samlingar, i staden for i tunet eller på ferja. Det er mange aktive organisasjonar på Finnøy der det er mykje rom for drøs.

Personleg tykkjer eg at det beste drøset finst på Leikvoll. Eg følgjer dottera mi på dei fleste treningar og kampar, men det er ikkje berre fordi det er langt å køyre tilbake til Talgje for å snu.

Leikvoll er ein fin stad å bli kjend med andre fotballforeldre. Nokre av dei har sett litt dumt på meg når eg spør dei kven dei er, for det er kanskje ikkje slik dei er vant til. Dei har jo sitt nettverk, og er ikkje interessert å utvida det ytterlegare.

Men dette handlar ikkje om å få mange nye vener som ein treng tid til å ta vare på. Det handlar mest om at det ein dag kan stå nokon nye der, som ikkje kjenner nokon, og som ikkje veit korleis dei skal bli kjend med nokon.

Tenk på det, neste gang du er på eit foreldremøte, på ein fotballkamp eller eigentleg kor som helst der det finst andre menneske. Om du er den som inkluderer eit nytt menneske i ein samtale, kan du vere den som gir det mennesket vernet det treng for å halde den psykiske helsa best mogleg.

Eit hei kostar så lite, men kan bety så mykje.

Av Silje Talgø Klakegg, journalist i Øyposten