Det var ei stor oppleving å vere med på påskevandringa på Palmesøndag. Visst var det mange gode prestasjonar av dei som spela dei ulike rollene. Til saman formidla dei påskebodskapen heilt inn på livet vårt i dag!

Allereie i første akt fekk vi vite kva som venta oss, og kva som var poenget. Gjennom eit møte med Sakkeus, som sjølv hadde møtt Jesus, på ein forvandlande måte. No var det vår tur å møte Jesus!

Påskevandringa i Vignes sitt vakre landskap, makta igjen å vise oss kor aktuell påskebodskapen er – til alle tider. Og ikkje mindre for oss som lever i vår sjølvstyrte og nervøse tid.

Vi prøver sjølvsikkert å bygge oss vår eiga trygge og sikre framtid, men utan Gud som bygningsmann. Men utan sikker grunnmur fell alle byggverk før eller seinare i grus.

Men Gud gjer det på sin måte. Og mellom haugar og vollar på Vignes fekk vi demonstrert korleis Gud på sin måte har komme mennesket til unnsetning, på ein måte som aldri kunne kome opp i nokon menneskeleg tanke. Han har lagt ein grunnvoll under liva våre som står seg til alle tider, og som held gjennom alle stormar. Og Han gjer det på sin måte.

Den einaste vegen mellom ein heilag Gud og vrangsnudde og syndige menneske, var å leggje all verda si synd og skam på Jesus. Brutalt for Jesus, men i kjærleik til oss. Han la straffa på Jesus, for at vi skulle ha fred. Jo, Gud gjorde det på sin måte. Og gjennom kors og dom og grav skin eit håp mot oss enno i dag – gjennom alle skylag! Jo, Han lever, han lever!

2000 år etter, er denne makelause forteljinga om Guds veg til frelse for sin forvilla skapning, like aktuell og kraftfull som han var for Jesu første venner. Og saman med den feige Peter, som etter kvart fekk erfare at også hans synder vart tekne bort på korset, kan vi frimodig juble: «Lova vere Gud, Vår Herre Jesus Kristi Far, Han som etter si rike miskunn har fødd oss på ny til eit levande håp ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde.» (1 Pet 1,3)

Det var flott å få påskebodskapen presentert mellom haugar og hamrar på Vignes. Stor takk til alle som var med! Og det beste med det heile er at det var meir enn godt spelt. Det er sant.

Kåre Ekroll