I Hurdalsplattforma blei Ap og Sp enige om at det skulle bli gratis å bruke ferje til alle øyar som ikkje har noko form for fastlandstilknyting. For 2023 blei det satt av 290 millionar kroner for å dekka inntektsbortfall av billettinntekter på alle Fylkesvegsferjene.

Utsira og Ombo fekk gratis ferje 1. juli 2022. Finnøysambandet måtte vente til 28. september før Rogaland fylke godkjente ordninga, dette fordi fylkeskommunen trengte litt meir tid for å avklare dei økonomiske rammevilkåra. Dåværande leiar i samferdselsutvalget, Ole Ueland, uttala då at gratis ferjer ikkje har vært noko kampsak for Høyre, men seier at Fylket vil vere lojale og innføre gratis ferjer på dei strekningane regjeringa har sagt.

Tilbake stod skuffa innbyggerar på Kvitsøy og Vassøy, dei måtte fortsatt betale på ferja.

Stortingsrepresentant og tidlegare Kvitsøybu Roy Steffensen fra Frp, hadde skrytt av regjeringa for ordning med gratis ferjer svært skuffa sidan Kvitsøy ikkje blei prioritert i første omgang.

Etter at regjeringa løyva meir penger til ferjeordninga, fekk også Kvitsøy og Vassøy gratis ferje i august 2023.

Skuffelsen blei då så uendelg stor då fleirtalspartia i Rogaland fylkeskommune vedtok at det skulle gjeninnførast betaling på ferjene så raskt som mulig.

Grunngjevinga var at regjeringas endring i kostnadsnøkkel for rammetilskot var blitt endra.

Me har finlest forslaga til statsbudsjett for dei partia som har styringsfleirtal i fylkeskommunen, og klarer ikkje å finne tal som tilseier at gratis ferje ville vore berga i Rogaland om desse partia hadde fått gjennomslag for sine budsjett. Partiet Høgre går faktisk så langt at dei legg inn inntekter for å gjenninnføre betaling for fylkesvegferjene.

Allerede i 2018 kom det klare signaler frå kommunal- og moderniseringsminster Monica Mæland (H) at det statlege tilskotet til hurtigbåtdrift i Ryfylke ville bli kutta drastisk dei neste åra. Årsak til dette var ar Regjeringa hadde innført ein ny kostnadsnøkkel. Stortingsfleirtalet lagar til ei kvar tid fordelingsnøklar som igjen avgjer kor stor pott dei ulike fylka får i rammetilskot.

Reisande med hurtigbåt har hatt ein relativ kraftig nedgang dei siste åra. Det er nok fleire årsaker til dette, men reisemønstra endrar seg ofte med ny infrastruktur. Sandsfjordbru og Ryfast påvirkar på fastlandet, og etter at Finnfast blei gratis, har det blitt meir kostnadseffektivt og praktisk å nytta bil.

Om det er færre som brukar hurtigbåt, så er den likevel svært viktig for dei det gjeld. Fylket bør etter vårt syn ta ein full gjennomgang for å vurdere dei kostnadsmessige forhold. Det bli for enkelt å kun ha som svar: Rutekutt.

Kan det brukas meir kostnadseffektive båtar, nå som utviklinga er færre brukarar? Er Kolumbus organisert på ein optimal og framtidsretta måte? Er kriteriene for nye anbud blitt for omfattane og rigide?

Ordninga med gratis ferje er først og fremst eit distriktspolitisk virkemiddel.

I rapporten frå utvalget som laga «Utredning om konsekvenser av demografiutfordringar i distrikta», kan me lesa om utfordringane. Distriktspolitikk handlar i stor grad om næringspolitikk og det å skape arbeidsplasser, står det i rapporten, og aksjonsgruppa er heilt enig i denne påstanden.

Differenisert arbeidsgiveravgift er eit treffsikkert tiltak, men øyane i Rogaland har blitt utilsikta ramma av ny sentralindeks etter endring i kommunestruktur.

I kapittel 9 som omhandlar samferdsel, blir det vist til at fastlandstilknytning er det beste tiltaket for øyar, men alternativ med gratis bruk av ferje, vil også være eit positivt distriktspolitisk virkemiddel.

Etter at det blei kjent at Rogaland fylke ville gjeninnføre betaling for bruk av ferje, har det blitt eit lokalt grasrotopprør, særleg på Kvitsøy og øyane i Finnøy kommunedel. Etter folkemøte på Kvitsøy blei aksjonsgruppa «Nei til fjerning av gratis ferje» oppretta. Denne aksjonsguppa har i all hovudsak konsentrert seg om å arbeida inn mot regjeringa for å få belyst den uheldige situasjonen ferjebrukarane i Rogaland kan bli ramma av.

Øyane våre kan bli dei einaste i heile landet som må betale på ferja igjen. Det er kun i Rogaland det er eit politisk fleirtal for å skrote ordning med gratis ferje.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum blei invitert til Kvitsøy av ordførar Kjell Andre Nordbø. I den anlednig fekk aksjonsgruppa eit svært nyttig møte med ministeren der me fekk drøfta praktisk distriktspolitikk for øyane. Deler av aksjonsgruppa reiste saman med ordfører i Kvitsøy til Oslo der me fekk møte kommunal- og distriktsminister Erling Sande, landbruksminister Geir Pollestad, statsekretær i Samferdseldepartementet Tom Kalsås, og leiar for Stortingets transportkomite Sigbjørn Gjelsvik.

Aksjonsgruppa er svært takknemlige for den gode og nyttige dialogen me har hatt med regjeringa. Ut fra dei signala me har fått, er regjeringa krystallklare på at ordning med gratis ferje også skal gjelde vidare for øyane i Rogaland.

Fleirtalet i fylkestinget støttar seg tydelegvis på eit svar i november på spørsmål fra stortingsrepresentant Frank Edvard Sve, men dei har truleg gløymt å lese siste avsnsitt i svarbrevet: «Regjeringa har lagt til rette for gratis ferje gjennom økte rammer til fylkeskommunane. Det er opp til fylkeskommunane å vurdera ut fra lokale forhold om det skal innførast i det einskilde samband. Viss hovedintensjonen med ordninga ikkje blir følgt opp, vil det være aktuelt å vurdere finansieringsforma.»

Etter møta med representantar fra regjeringa tyder alt på at finansieringsforma for ordning med gratis ferjer nå vil bli modifisert, slik at midla fra staten meir treffsikkert skal gå til kompensasjon av bortfall av billettintekter, biltrafikken skal ikkje betale der kun ferja er vegen.

Her er det nok enkelte formaliteter som må på plass, men me vil anta ut fra vår informasjon at dette allereie kan inntreffe ved revidert statsbudsjett til sommaren.

Etter vår syn vil det difor vere ein svært upassande og uklok handling om fylkesfleirtalet trossar regjeringas distriktspolitikk for å få ein marginal budsjetteffekt, kanskje bare fra 1. mars til 1. august.

Kvifor har ikkje Fylkestinget ein betre dialog med landets regjering? Synes ikkje fleirtalet i fylkestinget at det er litt uetisk å motarbeida ein statleg finansiert distriktsatsing for øyar som kun har ferje som veg?

Rogaland fylkeskommune må nok dessverre erkjenna at ein ikkje kan få i både pose og sekk, og då sit ferjebrukarane på øyane i Rogaland att som dei einaste i landet som må betala for bruk av fylkesferjer.

Er det god rogalandpolitikk å sei nei til regionale tilskot fra staten? Eller er dette kun eit kynisk politisk spill, der det er viktigare å saboterere andre parti sin politikk enn å gjennomføre stortingsfleirtalet sin distriktspolitikk?

Det er gledeleg å registrera at i tillegg til Kvitsøy og Utsira har også ordføraren i Stavanger kome med støtte for å vidareføra ordning med gratis ferje. Ordfører og varaordførar i Stavanger viser til negativ trend i utviklinga på dei ikkje landfaste øyane i kommunen, og går så langt at dei vurderer å gje eit kommunalt tilskot for å unngå ferjebetaling.

Kommunane Kvitsøy og Utsira vil nok slite meir med å finne økonomiske midler for eit slikt tiltak.

Me er glade for at Stavanger sin støtte, men føler nok at det er blir litt unødvending å bruke lokale skattepengar fordi fylkeskommunen på eit underleg vis takkar nei til midlar fra staten.

Kjære fylkespolitikarar, ta ein fot i bakken, legg prestisjen til side, og bruk praktisk fornuft i denne saka. Øysamfunna fortjener ein betre dialog mellom fylkesting og regjering, meir enn ein politisk form for stolleik.

Jon Olav Runestad

Nærinsgdrivande og medlem av aksjonsgruppa