God og forutsigbar samferdsel er avgjerande for vekst, busetjing og arbeidsplassar

Sissel Marie Bjerga (KrF) bur på Halsnøy og er leiar i Finnøy kommunedelsutval.
Publisert:

Den 14. november var næringslivet i Ryfylke samla om temaet Verdien av Vekst. Arrangøren Ryfylkealliansen arbeider for å auka identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke. Det står godt saman med regjeringa si Stortingsmelding 27 (2022–2023) om «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida».

Det er god lesing for oss som er opptekne av retninga for distrikta, for arbeidsplassar, busetjing og bulyst, og framtida der me må få ungdommen heim att til distriktet vårt. Ein nøkkel for vekst er god samferdsel.

Regjeringa skriv i stortingsmeldinga: Infrastruktur som veg, jernbane, hamner, ferjer og hurtigbåtar, lufthamner, breiband og mobilnett er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for samarbeid og tryggleik og for tilgang på tenester og aktivitetar. God infrastruktur og gode transporttenester styrkjer integrasjonen i arbeidsmarknaden, kortar ned reisetider og gjev tenestetilbod større rekkjevidde. Gode transporttilhøve er derfor viktig for utviklinga i og mellom regionar.

Då heng det ikkje på greip å skrive gode ord og intensjonar med eine handa, men halde igjen pengane med den andre. Det kan sjå ut som kostnadane med å oppløyse samanslåtte fylkeskommunar, går utover tilboda til oss andre. Fylkeskommunen vår får 63 millionar mindre til å oppretthalda samferdselstilbodet som dei har ansvar for. Me spør oss; Korleis skal me klare å snu negativ folketalsutvikling når forutsigbarheten endrar seg frå år til år?

Frå nyttår av veit me at hurtigbåttilbodet i Ryfylkebassenget vert kraftig redusert. Alle kjende reisetider vert no nye då rutetilbodet i heile Ryfylke skal reduserast med ein båt. Nye rutetider skal innarbeidast i kvardagen og forhåpentligvis skal dei ha vorte tilpassa over heile lina med korresponderande båtar, bussar og ferjer innover fjordane. På toppen av dette kjem fylkesadministrasjonen med forslag om enno fleire reduksjonar i båttilbodet vårt, i tillegg til mange innsparingar andre stader i fylket på buss og båt. Det er ikkje alle som har bil og kan køyra sjølv. Det gjeld alle born og ungdom under 18 år. Det gjeld mange eldre pensjonistar som har ikkje sertifikat lengre. Det gjeld flyktningar busette innover Ryfylke som er avhengig av kollektivtransport. Me treng båten så lenge me ikkje har veg der buss kan frakte oss kollektivt.

Me er svært takksame for regjeringa si satsing på ferjene i distriktet, og enno meir glade for insentivet frå statleg hald med ferjeavløysingsmidler på fylkesvegar der ferjer vert erstatta eller korta inn. Dei vil altså ha oss til å sjå på varige løysingar i staden for dei høge driftskostnadane for kvart år, som ikkje gjer noko betre til året etter. For kva vert eksempelvis betre med driftskostnadar på 100 millionar berre til Finnøyferjene? Det var kun eit års utgifter, og slik vil altså prisen stige år for år i det uendelige. Det er på høg tid å ta det statlege insentivet som legg opp til 45 år med ferjeavløysingsmidler på alvor. Det vil vera å bruka desse midlene på meir varige og føreseielege løysingar som erstattar ferjene. Å fortsetja med dagens ferjeløysing vil gje nye og fordyrande anbodsrundar og ei varsla ekstrem fordyring som kjem gjennom elektrifiseringskrav. Då er det ikkje mykje båt att for dei midlene som kjem til fylket.

Stortingsmeldinga la til grunn tilrådingane frå distriktsdemografiutvalet, distriktsnæringsutvalet og ungdomens distriktspanel om at infrastrukturen er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar. For dei fleste av dei ikkje-landfaste øyane i Ryfylke har det vore kraftig nedgong i folketalet. Me må snu dette! Ei negativ utvikling i folketalet trugar tenestetilbodet vårt, skule, barnehage, helsetenester. Kampen er stor om ressursane i samferdselsbudsjettet, og tildelte ressursar pregar kvaliteten, fridomen og fleksibiliteten i kvardagen vår.

Dei aller fleste tenestene me har krav på som innbyggarar, er strengt regulert i lover og forskrifter. Når det kjem til samferdsel, er det politiske vedtak som gjeld. Det kan snu kvardagen opp ned for enkeltpersonar og heile samfunn i eit vedtak.

Me treng at politikarar på ulike nivå jobbar i lag for kommunedelen vår; for me treng ei utvikling som har forutsigbarhet for innbyggarane våre. Det handlar om gode kvardagsliv, om bulyst, om investeringsvilje, om forutsigbarhet og trygghet for næringsliv og enkeltpersonar. For er det vilje, er det mogleg!

Så kjære kommunepolitikarar, fylkespolitikarar og Rogalandsbenken vår: Insentivet med ferjeavløysningsmidlar ligg klart, og det vil gje utviklinga me treng! Det skal vera «eit godt liv i heile Finnøy og i Ryfylke» også. Då kan me seie som Ryfylkealliansens mål: «Her vil eg leva, og her vil eg bu»!

Sissel Marie Bjerga, KrF
Leiar av Finnøy kommunedelsuvalg

Publisert: