Til fylkespolitikarar og samferdselssjefen på fylket

Finnøy kommunedelsutval ser med stor uro på føreslåtte nedskjeringar på hurtigbåt-tilbodet til vår kommunedel som fylkespolitikarane skal handsama no i arbeidet med budsjett for neste år.

Finnøy kommunedel består av mange ikkje-landfaste øyar; Fogn, Bokn og Byre, Halsnøy, Ombo, Nord-Hidle og Sjernarøy, og dessutan Talgje og Finnøy med fastlandsforbinding. Det er ein «tungvint» kommunedel der båttilbodet er avgjerande for å få kvardagen til fungera best mogleg. Hurtigbåten er bussen vår, og vår mulighet til å bruka kollektivtransport. Logistikken med både hurtigbåtar og ferjeruter er avgjerande for å få kvardagen til å gå opp – både for innbyggarane og for dei som tilbyr tenester innover i kommunedelen.

Ruta 10.30 Stavanger- Nesheim t/r er foreslått kutta. Dette er ei viktig rute for oss innbyggarar i den nordlege kommunedelen i Stavanger for å nå vårt kommunesentrum, men også internt i kommunedelen.

  • Den brukast mykje av skuleungdommar for å sleppe heildagsfråvær (for eksempel i forbindelse med helsetenester, tannhelsetenester og optikar).

  • Denne ruta brukast aktivt av skular og barnehagane på øyane både til Finnøy og til Stavanger for å delta på utstillingar, museumsbesøk og andre tilbod og tenester som tilbys for eksempel gjennom den kulturelle skulesekken.

  • Det er ei viktig rute som brukast av mange pensjonistar og eldre for enkle og kortare turar til Stavanger sentrum med retur på ettermiddagen, og det er ei viktig rute å kome seg innover til øyane frå Stavanger på formiddag (for eksempel for å reise kollektivt til møter, til gravferder på øyane, og for rask retur frå byen om ein har korte ærend på formiddag).

  • Den brukast aktivt av kommunen for å gje heimetenester i form av heimesjukepleie og heimehjelp på dei ikkje-landfaste øyane, for å kunne få kortast mogleg reisetid.

I tillegg føreslås alle anløp til kaiar i Hjelmelands-området nedlagt. På grunn av nettopp desse anløpa, er det i dag mogleg å sjå på Finnøy kommunedel og Hjelmeland som ein arbeidsregion, dette fell no heilt ut, og fleire må finne nye jobbar då reisevegen vert borte. At sjøvegen er beste veg for ungdommar frå Hjelmeland til vidaregåande opplæring er også svært viktig å ta med i prioritering. Ein argumenterer med at dei har veg, men busstilbodet er dårleg, og dei fleste er utan sertifikat.

Det skal løna seg å reisa kollektivt. Men det er nesten som me trur at det må vera motsett. I vår kommunedel for å koma oss til kommunesentrum, løner det seg å bruka bilen.

Dei er heldige dei som kan. Alle born og ungdom opp til og med 17 år er avhengige av båten for å koma seg til byen og dei tenestene og tilboda dei brukar der. Mange eldre pensjonistar har mista sertifikatet, eller torer ikkje køyre i bysentrum lengre. Då er det båten «bussen» dei brukar. Me har mange flyktningar frå Ukraina busett på Finnøy som treng båten til språkopplæring og andre tenester dei må til bysentrum for å få ordna. Desse har ikkje noko alternativ. Og me har ikkje bussalternativ som kan ta oss til byen kollektivt på vegen.

Ifrå før veit med at hurtigbåttilbodet innover Ryfylke vert redusert frå fem båtar til fire, med mange negative belastningar og stor usikkerheit for innbyggarane våre. Det vere seg skuleskyss til vidaregåande opplæring som ikkje passar med skuletider, skuleskyss som vert betrakteleg lengre for dei minste ungane i grunnskulen, utfordrande pendlartider, og pendlarruter som ikkje er tilpassa med opnings- og stengetider i barnehagane på øyane, og ikkje minst dei hola som dukkar opp når ny rutestruktur skal takast i bruk (spesielt med hensyn til alle korrespondansar som skal fungera vidare som båt til båt, båt til buss, båt til ferje).

I Stortingsmelding 27 (2022-2023), «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida», som regjeringa har lagt fram, har dei lagt til grunn tilrådingane frå distriktdemografiutvalet, distriktsnæringsutvalet og ungdomens distriktspanel. Ein av hovudtilrådingane er at infrastrukturen er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar. For mange av øyane våre har det vore kraftig nedgang i folketalet. For å snu dette er det avgjerande med god infrastruktur og forutsigbarheit. Dette forslaget er det motsette.

Finnøy kommunedelsutval ber om at båtruta Stavanger – Nesheim t/r måndag-fredag kl. 10.30 får bli i ruteplanen vidare.

På vegner av heile Finnøy kommunedelsutval

Sissel Marie Bjerga, leiar, KrF

Birger Vikre Hetland, Sp

Nils Petter Flesjå, H

Helga Straum, H

Mari Breiland, Sp

Jon Olav Runestad, Ap

Hanne Vasshus, Ap

Randi Vestersjø-Rørheim, FrP

Håvard Østhus, KrF

Håvard Skavland, H