Neste veke dreg Rennesøy i gong Felleskapsuken 2023, som oppspel til Rennesøydagen siste helga i august. «Våre øyer er sterkt avhengig av fellesskapet», er bodskapen frå arrangørane. På nettsida til Rennesøydagen spør dei òg etter kandidatar til Mastrafjord-prisen 2023, der mottoet for prisen er at Mastrafjorden ikkje er noko som skil, men noko som samlar.

Nest siste helga i august kan me sjå fram til den store Tomatfestivalen på Finnøy. Der veit me dei jobber med inkludering som eit tema.

Denne satsinga fortel meg to ting. Det eine er at fellesskap og inkludering ikkje er noko naturgjeve i dette vidstrakte øylandskapet, men noko som krev innsats. Det andre er at denne viljen til innsats finnast.

Øyposten skal vere lokalavisa for Finnøy og Rennesøy, så me leitar med lys og lykt etter teikn på fellesskap. Finnøy kommunedel er litt for liten til å ha ei fullverdig lokalavis åleine. Me treng sårt Rennesøy, både for å auke tilfanget av gode saker og for å få fleire lesarar. Mitt håp og store oppgåve er å finne dei sakene som engasjerer og kjennest relevante på tvers av øyane. Eg har stor tru på at dei finnast, men treng innspel frå dykk der ute for å finne dei.

Etter ein snau månad som redaktør har eg vore på Treffpunkt Øyane, eit forum for næringsutvikling på Rennesøy og Finnøy. Eg har helsa på Per Ivar Thorstad i kulturskulen, som er soneleiar i Finnøy og Rennesøy kulturstasjonar. Eg har køyrt fram og tilbake gjennom fotoboksovervaka tunnelar og sett sauer på beite, drivhus og eit kulturlandskap av Guds nåde frå Åmøy i sør til Bjergøy i nord. Her er mange fellesnemnarar.

Eg har òg rokke å fått med meg eit øyderby mellom Finnøy og Mastra på Leikvoll stadion, som viser at ein ikkje treng å vere einige i eitt og alt for å lage stor underhaldning og ein triveleg kveld utan altfor mange gule kort. Som Aksel Reilstad sa det før kampen: «Eg trur me treng desse lokaloppgjera, denne kampen mellom Finnøy og Rennesøy, i alle fall i fotball.»

Øyposten er inne i eit generasjonsskifte. Eg vil takke min forgjengar Rune Nedrebø for uvurderleg støtte nå fire veker i mai då me har overlappa kvarandre. I løpet av juni skal me tilsette ein ny journalist i 100 prosent fast stilling. Avisa går spennande tider i møte, og i det som har vore av kaos i mitt innflyttartilvere finn eg stor inspirasjon i å kunne sei kvar dag til meg sjølv at i dag veit eg litt meir om desse øyane enn eg visste i går.

Sigbjørn Høidalen

redaktør