Då eg tok valet om å flytta heim til Halsnøy i 2015, var det etter mange vurderingar for og mot. Og eg har nok trega ein del gonger, og lurt på kva var det eg tenkte på. Ei lita øy, eit lite samfunn, heilt avhengig av ferje og hurtigbåt for alt ein skal, lite sosialt miljø, små forhold, vera singel her, og alt dette rundt å skapa seg eit nytt nettverk etter å ha budd nesten 20 år andre stader i landet.

Men det var heime, og det var frihet allikevel! Nærhet til familie, tett på tantebarn, det var nærhet til sjø og fjell, og eg har lært meg å nyta det me har og trivast slik det er. Og jammen er det ikkje befriande å setja seg på ferja på veg heim, og veta at no er det ikkje meir jobb for i dag. Og kanskje ein flåsete fordel må vera om ein forsøv seg, då har ein som regel god tid til neste avgong. Livet mitt blei altså på Halsnøy, sjølv om det meste kunne vore mykje enklare på Judaberg-sida av fjorden.

Når eg ser tilbake på dei åtte siste åra, syns eg det har pågått ein konstant kamp med fylket om ferjeruter, hurtigbåtruter, kamp for veg, kamp for utvikling, kamp mot planar med båndlegging og verning, kamp for å utvikla gardar, heimar, næringsliv – med og utan dispensasjonssøknadar, LNFR-områder, strandsonevern og meire til. Mi kjære, vesle Halsnøy har knapt berre dei fire b-ane igjen; barnehage, bedehus, butikk og brødre- og søskenfellesskap. Enn så lenge. Skulen vart nedlagt i 2012, barnehagen heng i ein tynn tråd. Butikken satsar i desse dagar med å gje tilbod om sjølvbetjent butikk som eit siste forsøk på å hindre handelslekkasje og fortsatt halda liv i samlingspunktet som den er. Og det er viktig for oss alle å ha nokon av sine rundt seg. Og no er me berre 120 att.

Men me har altså valgt det sjølv, så kvifor all den «sutringa»? Kva er så mykje vanskelegare på ei øy enn i andre små samfunn som har veg? Kommunane rundt oss opplever også fråflytting. Kva er vanskelegare på øyane? Kva skal til for å skapa optimisme, vilje til satsing, vilje til å bli, og vilje til å bu, investera og utvikla hjå oss?

  • Kor attraktiv er ei lita øy som Halsnøy om barnehagen ryk?

  • Kor attraktivt er det å bu på ei øy med stadige kampar for båt og ferjer?

  • Kor attraktivt er det å investera millionar i husbygging når forutsigbarheten endrast frå år til år?

  • Kor attraktivt er det å skapa arbeidsplassar lokalt når konkurranseulempene er store?

  • Kor attraktivt er det å vera utbyggar med store kostnadar om ein kanskje berre får selt ein bustad eller to?

  • Kor attraktivt er det å bu på ein stad der det alltid er nattestengd veg, og det er timar mellom kvar gong vegen er open og ferjevegen ligg til kai?

Våre samfunn er uendelig sårbare for endringar som går utover tilbod, stabilitet og forutsigbarhet!

Difor kjempar me for ferjevegen vår, difor kjempar me og for båten – ei livsnerva i fjordane våre. Og difor kjempar me om oppmerksomhet for øyane våre. Ferjesaka har skaka oss. Dette, som har vore positivt for oss på alle vis, for næringsliv og for alle busette, det skal me no misse, som dei einaste øyane i Norge. Resten av kyst-Norge skal altså få behalda ferjene.

Skulle dei som bur på fastlandet akseptera å gå tilbake i tid? Få gjeninnført bompenger? Eller misse andre utviklingar som bussveg, sykkelstamveg, konserthus, nytt teater? Treng dei eigentleg alle desse godene? Sjølvsagt går ein ikkje tilbake på noko av dette. Kvifor skal me då akseptera dette?

Skal det skje samfunnsutvikling hjå oss, må me ha politikarar i alle ledd som ser at me er heilt avhengig av stabilitet, og at dei viser at dei er opptatt av å oppretthalda vilkår som gjer at det satses, at det skjer busetjing og det skapes arbeidsplassar. Då er det liv laga.

Ja, då kan me leva slik som Alfred Hauge skriv i Perlemorstrand; «Den som elskar ei øy på vår jord, elskar det avgrensa og det grenselause»!

Sissel Marie Bjerga Leiar av Finnøy kommunedelsutval for KrF Nestleiar i aksjonsgruppa Nei til fjerning av gratis ferje