Skulematen har vore debattert i det siste, fordi det er tid for budsjett og det har blitt et politisk skifte. Det er tid for å erkjenne at verda går vidare og me må gjere ungane våre klar for læring. For skulematen handlar faktisk om mykje meir enn det som er på tallerken.

Saka starta rundt skulestart, der det var fokus på kvar maten kom frå og kor lokal den var. Då var dagens fleirtal raske til å påpeike at maten måtte vera meir lokal og den burde vera basert på kjøt og fisk produsert i Noreg. I heimane blei det snakka om korleis dette skulle gå, vegetarmat, most mat og brødmåltider.

Det vart ein suksess, akkurat som for dei som var med i den noko mindre omfattande satsinga førre skuleår.

Erfaringa frå vår heim er at gutane seier det har blitt meir ro i klasserommet under måltidet når dei har felles mat. Han eldste sa; nå et alle mat pappa … Tenk over det politikarar, at verdas viktigaste verdiar, nemleg ungane våre, seier at ting har blitt betre i klasserommet etter at skulematordninga kom. Då skal me som vaksne lytte. Det er i praksis sosial utjamning.

Dette handlar ikkje om at me foreldre ikkje kan lage niste til ungane våre. Eller jo, det er diverre ikkje alle som veit korleis ei god niste bør smørast. Lærarane våre har nok sett det meste. Det er forskjell på familiar, nokre har ikkje råd til å smøre ei god niste. Andre foreldre smør ei niste som ungane er flaue for å opne, nokre fordi dei ikkje likar det som er der, andre har ikkje mat med i det heile tatt.

Fellesskapet som skulemåltidet skapar, er meir til stades når maten som vert servert er lik for alle. Slik er det. Maten skapar ei glede og forventning. Ein lærer å dele med, vente med og respektere dei ein et saman med.

Over 90 prosent av norske ungar går i barnehage. Der lærer dei seg at måltidet er ein sosial arena der ein et saman. Måltidet er et høgdepunkt i barnehagekvardagen. Ungar i barnehagealder treng at måltidet kjem hyppig gjennom dagen. Aktivitetsnivået er høgt, maten må vera bra slik at ein klarer å henge med i ein aktiv barnehagedag.

Så startar dei på skulen, fulle av forventningar, litt redde og veldig spente. Så skal matboksen fram, ein ny kvardag. Ofte vert det enda meir hektisk rundt måltidet i skulen. Frukosten skal ein ete før ein kjem til skulen, har du då lang skuleveg, skjer gjerne dette tidleg. Då er det lenge til lunsj. Ettermiddagsmåltidet, fruktsamlinga, ja, den finst ikkje lenger. Dermed må matboksen vera svært godt samansett. Det ein et til lunsj, skal vare lengre. Og frukosten, ja, den må vera skikkeleg bra, fordi det er lenge til lunsj.

Skular som brukar elevar på eldre trinn til å hjelpe under skulematen har verkeleg skjønt kva måltidet kan brukas til.

Fritt etter Prøysen;

Tenk kor bra det er å ha ein «matbror» i femte klasse som er med å skape fred og ro rundt måltidet. Det er trygging av skulemiljø og fører til mindre mobbing. I tillegg får femteklassingar ei rolle som betyr eit tryggare møte for den beskjedne og litt spente førsteklassingen.

Skulematen kan og hjelpe ungar som slit med å like ulike ting. Me som foreldre har vel alle opplevd at ungane ikkje likar ting, gjerne ting dei likte før og plutseleg ikkje likar lengre. Under skulemåltidet kan dette faktisk betre seg, då ungane utfordrar kvarandre og ikkje minst prøver seg på nye retter saman med andre.

Oppi alt dette, så skal ungane ta inn læring. Å skape et godt læringsmiljø på skulen, i klasserommet, ja, det er den viktigaste investeringa me kan gjere for ungane våre. Alle tiltak som betrar læringsmiljøet, må nyttast. Då veit me at dei tiltaka som gjeld alle, ja, det er dei som nyttar best. Lærarar melder om betre læringsmiljø, rolegare elevar og at ein faktisk kan undervise og etter matfriminuttet. Me må hugse at me vaksne ikkje er særleg gode å arbeide eller ta til oss læring om blodsukkeret er lågt. Tenk eit klasserom med over halvparten av elevane med lågt blodsukker, då er det ikkje lett å vera lærar.

Sosiale forskjellar vert det meir av, renter som aukar, matvareprisar som går opp, straumprisar som er jamt høge. Då må kvar enkelt familie prioritera. Det har aldri vært fleire som søker hjelp, det må me ta inn over oss. Då er det eit godt grep å gjera skulematen gratis og obligatorisk for alle. Det er ei god investering for fellesskapet.

Så la oss nå bruke all energi på kor bra Stavanger kommune kan bli på dette. Me er store på matproduksjon og del av eit stort matfylke. Me kan drive folkehelsearbeid betre enn nokon andre kommunar.

Helsedirektoratet påpeikte nyleg at me ikkje følger kosthaldsråda godt nok, finnes det betre måte å gjere det på enn å sette riktig mat på bordet frå første klasse? Skape gode måltidsrutinar, lære ungar om matsvinn og korleis ete for å halde helsa vår god for framtida.

Eg meiner me ikkje har råd til å legge vekk skulematen i Stavanger. Dette verkar. Ungane er klare, dette gjev betre trivsel og betre læring.

Ein har og bygd opp eit kjøken, ein logistikk som funkar. Å ta vekk varmmaten er eit feilskjær. La ungane få nyte gode varme måltid minst ein dag i veka. Bruk alle gode krefter, la dei lokale produsentane få vise på menyen, me må leve matfylket heilt ut. La ungane våre bli kjent med dei lokale og regionale råvarene. Dei skal jo vera ambassadørar for desse smakane i framtida.

Samstundes kan me utfordre universitetsmiljøet og Læringsmiljøsenteret til å forske på dette undervegs. Då kan Stavanger vera den kommunen som over tid, dokumenterer og viser til resultat som andre delar av Norge kan lære av. Dette er samfunnsøkonomisk så bra at me bør ikkje tørre la dette handle om politisk ideologi.

Vis rausheit, skulematen har vore ein suksesshistorie, ikkje ta den vekk. Gje den til alle og skap måltidsglede og eit godt læringsmiljø – plutseleg scorar me høgare på Pisa og!

Frode Selvaag,

pappa, kokk og måltidsambassadør