I eit innlegg i Øyposten går Nils Petter Flesjå frå Høgre ut mot fleire av dei velferdsgodane SV og samarbeidspartia har innført i Stavanger dei fire siste åra. Vårt prosjekt er og har vore å byggja fellesskap. Det vil me halda fram med om det vert raudgrønt styre i fire nye år!

Me har sett oss som mål at Stavanger skal vera den beste kommunen for barn i Noreg, for å auka attraktiviteten til å busetta seg i kommunen vår. Difor har me gjort fleire grep retta mot barnefamiliar.

Stavanger er den første kommunen som innførte gratis SFO for alle førsteklassingar, og saman med regjeringa har SV på Stortinget innført gratis SFO halvdagsplass på 2. trinn. Me innførte også søskenrabatt mellom barnehage og SFO, som har spart familiar mange tusenlappar om året. SV går til val på å utvida gratis SFO for 3. og 4.-klassingane. Det vil spara familiar for fleirfaldige tusen kroner kvart år.

Eg ser at Flesjå skriv at Høgre ikkje er mot skulemat, men dei har i så fall ein veldig merkeleg måte å vera for det på. Dei har kutta det i sitt alternative budsjett og ytrar seg stadig vekk kritisk om tilbodet. Eg kunne forstått motstanden mot skulemat betre om det var noko me innførte samtidig som skuleramma vart kutta. Tvert om har me styrka skuleramma med over 100 millionar kroner OG innført skulemat på 22 skular. Kvar veke får over 6000 barn og unge mat på skulen. I ei tid kor prisane på mat aukar, så vil altså Høgre ta lunsjen frå ungar. Det er ikkje ein god fordelingspolitikk!

SV og våre samarbeidsparti har ikkje berre styrka skuleramma, me har òg kjøpt nye skulebøker for 43 millionar kroner og auka midlane til barnehage med over 20 millionar kroner. Det gratis sommarferietilbodet Barnas sommer er no eit permanent tiltak, som sikrar at alle ungar får noko å driva med om sommaren.

At Høgre vil avvikla gratis buss og båt er klart for alle. Her er me rett og slett berre ueinige, og gratis kollektiv er bra båe for klima og for lommeboka!

Eigedomsskatten utgjer for dei fleste nokre hundrelappar kvar månad. Når ein skal få nokre hundrelappar, men mistar gratis kollektiv, gratis skulemat, får dyrare SFO og meir, så går reknestykket for mange barnefamiliar i minus. Flesjå spør «Kva er alternativet?». Alternativet til at dei med dei største bustadane skal få store skattekutt er at ungar får mat på skulen, at foreldra sparar på billegare SFO og gratis ferietilbod og at alle sparar på kollektivtransport.

Den 11. september står det mellom eit mørkeblått Stavanger, styrt av Høgre og Frp med fleire, eller eit raudgrønt Stavanger med eit sterkt SV, som vil bygga fellesskap. Eg håpar du gir oss tillit i fire nye år!

Eirik Faret Sakariassen,

Stavanger SV sin 1.-kandidat og leiar i utval for oppvekst og utdanning