Julemessa i Fleirbrukshallen laurdag 25. november blei også i år ein stor folkefest der alle generasjonar var saman. Nydeleg vintervêr, fin utstilling på scena av Julestallen og korpset som spelte gode, gamle julesongar fekk fram ei lun, god julestemning frå første stund.

I år hadde Julemessa fokus på Normisjon sitt arbeid i Senegal. På Messa fekk vi besøk av Hilde og Alf Halvorsen. Dei har vore misjonærar i over 40 år i Mali og Senegal. Dei fortalde om språket, misjonsprosjektet og menneska i Senegal. Senegal ligg i Vest-Afrika og har tidlegare vore fransk koloni.

Folk som kom innom messa kosa seg med god mat, og det såg ut som drøset gjekk godt rundt borda.

Juleverkstaden for borna slo godt an også i år og mange peparkaker vart flott pynta. Det vart også laga mange fine julekort.

Rekneskapen for Julemessa 2023 er endå ikkje ferdigstilt, men brutto er det til nå kome inn cirka 300.000 kroner, eit fantastisk beløp!

Pengane kjem til stor nytte og gir lys og håp for mange menneske. TAKK TIL ALLE SOM HAR VORE MED OG BIDRATT!

Takk til Finnøy musikkorps, Finnøy Fun Children og Jubelgjengen for nydeleg musikk og song!

Takk til bedrifter og enkeltpersonar som har sponsa messa med pengar og gevinstar!

Takk til alle som har bakt og laga ting til messa!

Takk til lydmann Geir Landa, Arild Flesjå og styret i Hallen som la så godt til rette for Julemessa!

Takk til alle som sette av tid og gjorde ein jobb før og på messedagen! Takk til gjengen som var med på rigging og rydding!

Og ikkje minst TAKK til alle dykk som kom og gjorde dette til ein fin dag!

Helsing Julemessekomitèen