Fant
Du skal ikkje skue hunden etter håra, eller fanten etter filla. Eit gamalt ordtak. Før i tida var det ein del fant som reg rundt land og strand. Men der var og flinke håndverkarar. Far fortalte at i hans barndom kom eit følgje her til gards. Kvinnfolka som var med, var best til å spå folk si framtid. Mannfolka kunne laga enkelte ting. Min farfar spurte om dei kunne laga bøtter. Jo, da, sa fanten, dei gjekk i gong og laga fine bøtter, med håndtak. Dette skulle dei ha flesk for, helst røykt flesk. Farfar ville ha ein stamp til sitt bruk, då måtte fanten ha meir røykeflesk. Dei blei enige om betalinga, dei ville heller ha flesk enn penger.
Mi farmor spurte etter den fine jenta dei hadde med sist dei var på tur. Ho fekk svar. Ho er nå gift med ein stor rik mann, ditt naut – kvifor spør du! Så var det overnatting. Fanten slo frampå om å få liggja i høyet på løa. Ja, sa farfar, med set dere fyr på løa vil båtane dere kom i gå «nedenom og hjem til havets bunn», men det gjekk bra.
Slik var det i dei dagar, fanten sleit med sitt. Ein gong inni Sandsfjorden, strekninga frå Ropeid til Sand. Midt i fjorden blei der skrik og sjau om bord i fantabåten. Då dei kom inn til Sand spurte folk kva slags sjau det var uti fjorden. Fantane heldt kjeft, men ungane kunne ikkje halda på løyndommen. Det var berre ho bestemor som skulle dumpast i sjøen. Når dei blei gamle og ikkje kunne gå rundt å tigga til livets opphald, var valget enten å dumpast på sjøen eller å hoppa utfor eit fjell. Harde bud å vera fant i dei dagar!
Men det blei slutt. Dei fekk hjelp til faste buplasser og ungane kom på skule. Dermed var den tida over.
Harald Få