Det er vår i lufta, og like sikkert som at fuglane syng høyre vi russen gjennom gatene og på vegane. For oss som sjølv har vore russ, kjenner ein på spenning og glede, men ein hugse også presset som låg over oss. Eksamen og stress kryp nærare og nærare.

Me skal ikkje mange år tilbake før ein ser at russetida har utvikla seg enormt. Russetida har alltid innehalde korte netter og lange festar, men den varte i det minste ikkje i det lange og breie. Det var langt færre kommersielle aktørar som pressa på for at ein skulle vere med i russegruppe, eller buss, med alle dei enorme kostnadane det fører med seg.

I Troms har russen tatt grep for å ikkje la russetida stå i vegen for eksamen og læring. Der har dei flytta russetida til juni. I Rogaland derimot har russetida berre blitt meir omfattande og tek stadig meir og meir plass. Russetida i Rogaland starte i tidleg april - ein heil månad før dei fleste andre fylker!

Russen skal sjølvsagt få feire at dei er ferdige med 13 års skulegang, men varsellampene burde begynne å blinke når mange rogalandsruss sjølv talar imot slik russefeiringa no har blitt.

Russepresident i Sør-Rogaland, Martin Nese Johnsen, har sagt at han skulle ønsket at russetida hadde vorte både forkorta og forskjøve, slik at den ikkje frontkolliderer med eksamen.

Det er fleire gode aktørar på banen for å sikre ei trygg russetid. Rogaland fylkeskommune oppretta i 2019 ei eiga tiltaksgruppe for ein trygg og inkluderande russetid, og i desember la utdanningsministeren fram ei intensjonserklæring med same formål. I eitt av dei sju punkta som ministeren tilrår, står det at ein skal legge til rette for at russefeiringa er tilpassa opplæringa og eksamenspeioda.

Rogaland KrF vil snu på dette punktet frå utdanningsministeren. Kva med å tilpasse eksamen til russefeiringa? Dersom ein legg opp skoleløpet slik at eksamen er ferdig til 16. mai, kan 17. mai vere eit startskot på russefeiringa, og avsluttande seremoniar kan kome tidleg i juni.

Juni er for mange skuleelevar ei tid med mange «tomme» skuledagar. Ei komprimert eksamensperiode før russetida vil vere eit effektivt grep for å trimme ned slutten av skuleåret og la ungdommen feire utan bekymring for om ein står på eksamen.

Her har Rogaland ei moglegheit til å gå i front og ta tydelege grep for ei betre russetid for alle partar!

Anne Kristin Bruns, 1.kandidat Rogaland KrF Lars Ramsli Søyland, leiar Rogaland KrFU