Om navnet Judaberg og gamle hus
Kjært barn har mange navn. Spørsmålet er, kor kom navnet Judaberg frå? Min far kom i samtale med Åsmund Salvesen, som var rektor på Rygjabø Amtskule, som det heitte i dei dagar. Han hadde si historie.
I opphavet var navnet Hagaberg. Så kom Norge inklusive Finnøy under dansk styre. Då blei ein danske frå Jylland sett til å styre Finnøy. Han budde på Hagaberget, kor han fekk sitt rykte, folk sa bare Judaberget. Hagaberget kom bort og blei Judaberget, Finnø. Han var svært lite likt, han var som ein konge og rådde over alt.
Faa hadde og sitt berg, som kaltes Faaberget, der meieriet blei bygd. Der var ein bonde på nere Faa, han hadde mark ned til svaberget, det var Gabriel Nerland. Han trudde han åtte alt, og gjekk under navnet Smikolien. Byfolk som låg og solte seg på Faaberget, ville han jaga. Han trudde dei låg i graset, og då byfolka såg han kom i fullt sinne, sa dei, nå må me gå for nå kjeme gåsarauå!
Same mannen trudde han åtte Betel, men blei sett til veggs. Kyrkja var ikkje hans hus. Eg hugsar frå min barndom, det var dei som erkjente seg som kristne, men nattverd i kyrkja var ikkje godtatt. Denne nattverden gjekk føre seg på heradsstova, der telefonsentralen var, søndag etter middag.
Vel, vel, som det står skrevet, der to og tre er samla i mitt navn, så er eg midt i blant dei.
Men Judaberg var litt meir. Det eldste huset på Judaberg er Asheimhuset. Eit medlem i heradsstyret ville ha det fjerna, lite tenkt, men så sat han i heradsstyret! Huset har vært brukt til rettssal og andre knutar som skulle løysast. Tina Hausken hadde det som kafe, under navnet Hotel Knapp. Det var folk som kom seglande frå Sauda, Sand og Vikedal, då la dei turen innom Judaberg og Hotel Knapp for å kjøpa mat til turen vidare til Stavanger. Tina skar opp brød etter kvart dei åt, ingen ting gjekk til spille.
I dag blomstrar huset som aldri før, som blomsterbutikk. Der er du velkomen av nokre fine og kjekke jenter, som gjer deg både glad og blid.
Harald Få