Haralds hjørne: I gode og vonde dagar

Bilde av Ryfylke meieri på Judaberg datert 1959.
Publisert: Publisert:

Krigen gjorde sitt inntog i Norge. Enkelte hadde det trangt, andre bedre. Eit ordtak sa at hadde ikkje krigen slutta i 1945, hadde mange jærbuar ete seg i hel.

Der var mange illegale slakterier ute på gardane. Dei svalt ikkje på Finnøy heller. Men det var ringt med klær og sko. I avisa kunne ein lesa under bytte: «Ei dressbuksa mot to esker tobakk».

Finnøy fekk inn ein del klær og sko, eg fekk eit par frå England. Bestyraren såg etter at det gjekk rett for seg. Det var visst verre på Reilstad, der måtte dei henta presten!

Tilbake til Judaberg. Folk blei spurt om dei trang ting, også Tina Hausken. Ho svarte at ho trang ingen ting for ho var født Hausken, som var gromme folk. Dei var tre søstre og ein bror, som gjekk under navnet Jenkien. Han hadde ein bank i New York. Han var i Norge kvar summar, og var då ofte nede ved sjøen i Hauskjeneset, kor han fiska.

Ein gong kom han til å overhøyra ein samtale mellom to gubbar, ein frå Haga og ein frå Hausken. Særs gode venner var dei ikkje, det eine ordet tok det andre. «Hald kjeften på deg din gamle tremula brand. Gå heim og sjå deg i speilet så vil du sjå at du er mindre fin». «Vel», sa den andre, «me skal ikkje ropa høgt om han Tårn fant. Han har nå alltid sett ut som ei maneta i trynet.»

Når hausten kom, reiste Jenkien tilbake til Amerika. Då ville Tina reise til Amerika til sin bror, og kom heseblesande til Judaberg og ropte på bestyraren på handelslaget. «Stans skipet, stans skipet, eg skal til Oslo». Båten var forbi Fåholmen. Bestyraren sa at den båten går ikkje til Oslo.

Tina blei aldri gift, som sine to søstre. Men mange møtte opp i begravelsen, folk såg fram til ein god middag!

Harald Få

Publisert: