Lesarbrev: Anbodsprosessen for hurtigbåtane må halda fram!

Kollektivtrafikken i Rogaland har allereie redusert utsleppa med 50 prosent.

Publisert: Publisert:
Hurtigbåtaksjonen er svært kritisk avlysinga av anbudsprossen for hurtigbåtane.

Viser til artiklar i Øyposten og Stavanger Aftenblad 18. og 25. mars der det kjem fram at Kolumbus har avlyst hurtigbåtanbodet i Ryfylke. Fylkestinget gjorde den 15.06.2021 eit vedtak i sak 56/2021:

«Kvaliteten til hurtigbåttilbodet i Rogaland opprettholdes i ein presset økonomisk situasjon. Samferdselsutval baserer sitt vedtak på dei forslag som er komet inn gjennom ein omfattande, grundig og konstruktiv dialog.

1) Tidligare varsla rutekutt i trinn 1 og 2, jf. FT-sak
128/2020, utgår. Det vil seie at dagens struktur blir opprettholdt fram til oppstart av ny kontraktsperiode i 2023. Fylkesrådmannen bes innarbeide konsekvenser i revidert budsjett.

2) Samferdselsutvalet ber om at konkurransegrunnlag for hurtigbåtkontrakter med oppstart. 1. januar 2023 baseres på ruteforslag #3 for Ryfylkebassenget, samt at forslag til justeringer omtalt som «alternativ 4» i høringsinnspel frå Sauda og Suldal kommune vektlegges og tas høgde for så langt som mogleg.»

Kva vil fylket med Kolumbus

Det er derfor med undring at me les at Kolumbus har avlyst hurtigbåtanbodet. Det skal vera fordi det ikkje blei levert anbod som svara på miljøkravet i anbodet. Det blir og vist til at gratis ferjer og etterdønningar etter pandemien har endra reisemønsteret i Ryfylke. Det som ikkje har endra seg er Fylkestinget sitt vedtak.

Me vil derfor stilla spørsmål om kva Fylket vil med Kolumbus? Kven styrer
kven? Det må vera fylkespolitikarane som har mandat til å avlysa anbodet på dette grunnlaget, ikkje Kolumbus.

Det er sett ein unaturleg tidsfrist for elektrifisering i anbodet. Teknologien og utbygginga av elnettet er ikkje kome lenger i dag enn då vedtaket blei gjort i 2021. Det er ingen som ennå har løysingar på gode nok batteripakkar som kan dekkja avstandane i Ryfylke. Det er heller ingen stader det er lademogelegheit for hurtigbåtane. Ja, det er mogeleg å lada på Nedstrand, men den er opptatt av
Ryfylkeferja på nettene.

I «Forslag til Regionplan for klimaomstilling i Rogaland» er sitert:
Klimalova slår fast at innan 2030 skal utsleppa i Noreg reduserast med 50 til 55 prosent, samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Innan 2050 skal Noreg vere eit lågutsleppssamfunn.

Klimautsleppa frå kollektivtrafikken er langt meir enn halvert sidan 1990. Rogaland har vore eit føregongsfylke på elektrifisering av offentleg kollektivtrafikk. Dei fleste av bussane som køyrer for Kolumbus er no elektriske.

Urealistiske krav

Mykje av ferjetrafikken er elektrifisert. I desse dagar er også hydrogen i
ferd med å bli innfasa i ferjetrafikken. Dei siste 20 åra har Rogaland vore eit føregongsfylke ved innfasing av lette og meir energieffektive hurtigbåtar, der nokon nyttar hybrid biodrivstoff og batteri, og dessutan ein hurtigbåt i eit kortare samband er heilelektrisk. Alle ferjer og hurtigbåtar som nyttar fossilt drivstoff, har den siste og beste rensing av utslepp. I sum ligg derfor utslepp frå den totale
kollektivtrafikken i Rogaland langt føre planane om å redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030.

I vedtaket om nytt hurtigbåtanbod er det sagt at tilbydarar skal vektast med 70 prosent på pris og minst 30 prosent på miljø. I ein slik samanheng er det naturleg å spørje: Frå når skal grunnlaget for 30 prosent på miljø reknast? Som sagt innleiingsvis tek klimaplanen utgangspunkt i 1990. Alle hurtigbåtar som trafikkerer ruter for Kolumbus i Ryfylke i dag har redusert utsleppa frå hurtigbåtar med meir enn 30 prosent sidan 1990 og målet er derfor allereie oppnådde.

Vi meiner sjølvsagt at betre og endå meir miljøvennlege teknologiar skal fasast inn etter kvart som det er utvikla og modent for rutene i Ryfylke. Men vi kan
ikkje akseptere at hurtigbåtrutene i Ryfylke bli raserte pga urealistiske krav til båtmateriell som endå ikkje er bygd. Vi meiner dagens ruter kan gå med dagens materiell og samtidig liggje godt innanfor Klimalovens krav for redusert utslepp i tidsbiletet 1990 til 2030.

I store deler av 2022 har reisemønsteret vore påverka av pandemien. Det tek tid å komma tilbake til normalen etter dei inngripande tiltaka som me har levd med i fleire år, men den siste tida har me sett at passasjertalet igjen er aukande. I tillegg har det blitt gratis ferjetilbod i deler av Ryfylke. Dette er og reisevanar som må «setja seg».

Eit av målsetjingane til Kolumbus er å redusera bilbruken i Rogaland, og tiltak for å oppnå dette er billigare og meir fleksible billettar. Men dette ser ut til å gjelda berre frå Nord-Jæren og sørover. Det bør gjerast forsøk på det same i Ryfylke, for ein reduserer ikkje bilbruken i (indre deler av) Ryfylke med å rasera det einaste kollektivtilbodet som me har.

Raserer tilbudet

Ryfylke blir i desse dagar fronta som eit viktig område for utvikling av grøn energi. Både ammoniakkfabrikk i Sauda og anlegg for bygging av havvindmøller på Berakvam (Jelsa) er på planleggingsstadiet. Dette er store satsingar på fornybar energi. Då er det rart at fylket fører ein politikk der nødvendig infrastruktur for å få dette til blir rasert.

Skal verkeleg Ryfylke ofrast for at urealistiske klimamål i teorien skal stettast?

Opsjon på eksisterande anbod: Ryfylkeaksjonen påpeika allereie i 2021 at det ikkje vil vera båtar i marknaden som stettar kravet til redusert eller 0-utslepp, og nå to år etterpå er statusen den same. I prinsippet er teknikken utvikla,
men i praksis er den ikkje tilgjengeleg. Det er ikkje batteripakkar store nok som vil greia korkje ein halve Ryfylketur (Stavanger-Jelsa- Nedstrand-Stavanger, eller ein heile tur til Sand og Sauda, og slett ikkje med den farten ein må ha for å halda rutene. Forbruk av drivstoff, anten det er fossilt eller fossilfritt (diesel eller elektrisk) aukar eksponentielt.

Skal farten aukast frå 20/22 knop (Rygerelektra/Medstraum) til 26/28 knop, må batteripakken doblast. Ei innfasing av 0-utsleppsfartøy i anbodsperioden 2024-2033 kan påreknas, men infrastrukturen både på land og sjø vil mest truleg ikkje vera klar før rundt 2030.

Sjølv om Ryfylke eksporterer straum i store mengder og står for ein stor andel av landets kraftproduksjon, så er nettet i Ryfylke svakt, med både liten overføringsevne og liten leveringskapasitet.

Derfor er det uråd for reiarlaga å tilby det Kolumbus etterspør, og som skal vektast 30 prosent når ein samanliknar det som blir tilbudd.

Etter Ryfylkeaksjonen si oppfatning er det heller ikkje Kolumbus si primæroppgåve å stoppa eit arbeid dei er pålagde å utføra, då tilboda som er komne inn ikkje er i samsvar med overordna klima og miljøkrav. Kolumbus skal, etter det som står om målsetting/visjonar og ansvar/organisering, syta
for høvelege ruter, både på land og sjø, i heila fylket. Miljøkrava må her vera sekundære.

For Ryfylkeaksjonen2020
28.03.2023

Berit Fyljesvoll Haugsland

Tomas Nesheim

Ivar Andersen

Kirsten Hellerdal Fosstveit